2 Kings 2

Den gongen Herren tok Elia upp til himmelen i ein storm, skulde Elia og Elisa på utferd frå Gilgal. Elia sagde med Elisa: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Betel.» Men Elisa svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So for dei ned til Betel. Profetsveinarne i Betel møtte Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, eg veit det,» svara han; «de tarv ikkje nemna det.» Elia sagde med honom: «Elisa, ver du her! Herren hev sendt meg til Jeriko.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So kom dei til Jeriko. Profetsveinarne i Jeriko gjekk fram til Elisa: «Veit du det,» sagde dei, «at i dag tek Herren husbonden din ifrå deg?» «Ja, vel veit eg det,» svara han; «det tarv ikkje nemna det.» Elia sagde med honom: «Ver du her! Herren hev sendt meg til Jordan.» Men han svara: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg skil ikkje lag med deg.» So gjekk dei båe tvo. Femti av profetsveinarne fylgde, og stod eit godt stykke undan, medan dei tvo stod attmed Jordan. Elia tok kappa si, sveipte henne i hop og slo på vatnet. Då kløyvde det seg til båe kanter, so dei gjekk båe yver på turre botnen. Då dei var komne yver, sagde Elias med Elisa: «Kva ynskjer du eg skal gjera for deg fyrr eg vert teken ifrå deg?» Elisa sagde: «Gjev ein dubbel lut av di ånd må falla på meg!» 10 «Det var eit storfelt ynskje,» svara han; «men fær du sjå meg medan eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.» 11 Medan dei so heldt fram og talast ved, skimta det fram ei eldvogn med eldhestar og skilde deim frå einannan. Og so for Elia i stormveret upp til himmelen. 12 Elisa stod og såg på, og han ropa: «Far! far! du Israels vogner og riddarar!» So såg han ikkje meir til honom. Og han tok i klædi sine og reiv deim midt i tvo. 13 So tok han upp kappa åt Elia, som hadde falle av honom, snudde so og gjekk ned til elvebarden ved Jordan. 14 Han tok kappa åt Elia, som hadde falle av honom, og slo på vatnet med dei ordi: «Kvar er no Herren, Elias Gud?» Med same han slo på vatnet, kløyvde det seg til båe kanter, og Elisa gjekk yver. 15 Då profetsveinarne frå Jeriko såg dette langt undan, sagde dei: «Elias ånd kviler yver Elisa.» Dei kom imot honom og lagde seg å gruve for honom. 16 So sagde dei med honom: «Millom tenarane dine finn du femti sterke karar; lat deim ganga ut og leita etter herren din! Kann henda hev Herrens Ande lyft honom upp og slept honom på eitkvart fjellet eller i einkvar dalen.» Han svara: «De skal ingen senda ut.» 17 Men dei naudbad honom so lenge at han vart leid av det: «Send deim ut då!» sagde han. Dei sende ut femti mann, og dei leita i tri dagar, men fann honom ikkje. 18 Då dei kom att til honom - han heldt seg endå i Jeriko - so sagde han til deim: «Det var det eg sagde med dykk, at de skulde ikkje ganga ut.» 19 Byfolki og sagde til Elisa: «Denne byen ligg lageleg til, som du herre ser. Men vatnet er vondt, og landet lid av fosterskot.» 20 Han svara deim: «Gjev meg ei ny skål, og legg salt i henne!» Dei so gjorde. 21 Gjekk han so ut til uppkoma og kasta saltet nedi med dei ordi: «So segjer Herren: «Eg gjer dette vatnet friskt, so det aldri meir skal valda daude og fosterskot.»» 22 Og vatnet vart friskt, og er det den dag i dag, soleis som Elisa hadde sagt. 23 Derifrå drog han upp til Betel. På vegen dit upp, kom nokre smågutar ut or byen og tok til å hæda honom og kalla honom: «Upp med deg, du snaudskalle! Upp med deg, du snaudskalle!» 24 Han såg seg ikring. Og då han vart var deim, lyste han våbøn yver deim i Herrens namn. Tvo binnor kom då ut or skogen og reiv sund tvo og fyrti av borni. 25 Derifrå gjekk han til Karmelfjellet, og derifrå attende til Samaria.
Copyright information for NorSMB