2 Kings 23

Då sende kongen bod og stemnde saman til seg alle dei øvste i Juda og Jerusalem. Og kongen gjekk upp til Herrens hus, og alle Juda-mennerne og alt Jerusalems folk fylgde honom, og prestarne, og profetarne og heile folket, unge og gamle. Han las upp for deim alt det som stod i paktboki som dei hadde funne i Herrens hus. Kongen steig fram på tramen og gjorde den pakti for Herrens åsyn, at dei skulde fylgja Herren og halda hans bod og fyresegner og lover av alt sitt hjarta og all sin hug, og setja i verk dei paktordi som var skrivne i denne boki. Heile folket gjekk med på pakti. Sidan baud kongen øvstepresten Hilkia og dei næst-øvste prestarne og dørstokkvakti å få ut or Herrens tempel alle dei gognerne som var laga åt Ba’al og Astarte og heile himmelheren; og dei vart uppbrende utanfor Jerusalem på Kidrons-vollarne, og oska vart bori til Betel. Avgudsprestarne som Juda-kongarne hadde sett inn, fekk avskil, dei som hadde brent røykjelse på haugarne i Juda-byarne og ikring Jerusalem, og dei som hadde brent røykjelse for Ba’al, for soli og månen og stjernorne i dyreringen og for heile himmelheren. Astarte-bilætet fekk han ut or Herrens hus, til Kidronsdalen utanfor Jerusalem, og brende det der i Kidronsdalen, mol det til dust, og dusti kasta han på den ålmenne gravstaden. Han reiv ned utukt-husi i Herrens hus, der som kvende vov tjeld til Astarte. Han flutte alle prestarne inn frå byarne i Juda; og frå Geba til Be’erseba vanhelga han offerhaugarne der prestarne hadde brent røykjelse. Han reiv ned offerhaugarne ved portarne, den som var utanfor porten åt byhovdingen Josva, og den som var på vinstre sida når ein gjekk inn byporten. Men hauga-prestarne fekk ikkje stiga upp til Herrens altar i Jerusalem; dei fekk berre vera med når brørne deira åt søtebrød. 10 Han vanhelga Tofet i Hinnomssons-dalen, so ingen skulde vigja son eller dotter i elden, til Molok. 11 Han fekk burt dei hestarne som Juda-kongarne hadde sett upp til æra for soli ved inngangen til Herrens hus, ved kammerset til hirdmannen Netan-Melek i Parvarim; og solvognerne brende han upp. 12 Altari på taket ved høgeloftet til Ahaz, dei som Juda-kongarne hadde sett upp, og altari som Manasse hadde bygt upp i båe tuni kring Herrens hus, reiv kongen ned, og han smuldra deim og førde deim burt og kasta dusti i Kidronsdalen. 13 Og kongen vanhelga offerhaugarne aust for Jerusalem på sørsida av Tyningsbjerget, og som Salomo, Israels konge, hadde bygt åt Astarte, styggedomen frå Sidon, og åt Kamos, Moabs styggedom, og åt Milkom, den avstyggjelege guden åt ammonitarne. 14 Han braut og sund minnesteinarne og hogg ned Astarte-bilæti, og fyllte tufti deira med mannebein. 15 Sameleis altaret i Betel, offerhaugen Jerobeam Nebatsson hadde bygt upp, der som han forførde Israel til å synda - ogso det altaret og den haugen reiv han ned; og han brende upp haugen og mol honom til dust, og han brende upp Astarte-bilætet. 16 Då Josia såg seg um og gådde graverne der på fjellet, sende han folk som tok beini ut or graverne, og brende deim upp på altaret, og vanhelga det soleis, etter Herrens ord, som han gudsmannen hadde ropa ut, som ropa at dette skulde henda. 17 «Kva er det for ein gravstein eg ser her?» spurde han. Bymennene svara honom: «Det er gravi åt den gudsmannen som kom frå Juda og ropa ut yver altaret i Betel at det skulde henda som du no hev sett i verk.» 18 Då sagde han: «Lat honom kvila i fred! Ingen skal røra beini hans.» Soleis berga dei hans bein, og sameleis beini til profeten som kom frå Samaria. 19 Dessutan rudde Josia burt alle hauga-husi i Samaria-byarne, som Israels-kongarne hadde bygt til harm for Herren; og han for med deim i alle måtar sameleis som i Betel. 20 Og han drap ned alle hauga-prestarne der ved altari, og brende mannebein på deim. So snudde han heim att til Jerusalem. 21 Kongen gav heile folket det bodet: «Haldt påske for Herren, dykkar Gud, etter fyreskrifterne i denne paktboki!» 22 Sovori påskehelg hadde dei ikkje halde frå den tid då domarane styrde Israel, og ut gjenom heile kongetidi i Israel og Juda. 23 Fyrst i attande styringsåret åt kong Josia heldt dei sovori påskehelg for Herren i Jerusalem. 24 Josia øydde og ut alle som mana draugar og spåvette, og husgudarne og steingudarne og all styggedomen som hadde synt seg i Judalandet og i Jerusalem. Soleis sette han i verk lov-ordi som var skrivne i den boki presten Hilkia fann i Herrens hus. 25 Maken til konge hadde ikkje vore fyre honom; det var ingen som soleis hadde vendt seg til Herren av alt sitt hjarta og all sin hug og all sin styrke etter heile Moselovi; og maken hans kom aldri meir. 26 Like vel gav ikkje Herren upp den store brennande harmen som hadde loga upp mot Juda for alle dei harmelege synder Manasse hadde harma honom med. 27 Herren sagde: «Ogso Juda støyter eg burt frå meg, liksom eg støyte Israel burt. Ja, eg vandar denne byen som eg valde ut, Jerusalem og huset som eg sagde um: «Mitt namn skal vera der.»» 28 Det som elles er å fortelja um Josia og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. 29 I hans tid drog egyptarkongen Farao Neko upp til elvi Frat mot assyrarkongen. Kong Josia drog imot honom, men han drap honom ved Megiddo, so snart han fekk sjå honom. 30 Folket hans køyrde liket frå Megiddo til Jerusalem og gravlagde honom i hans eigi grav. Og folket i landet tok Joahaz Josiason og salva honom til konge i staden for faren. 31 Tri og tjuge år gamall var Joahaz då han vart konge, og tri månader rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamutal Jeremiadotter, frå Libna. 32 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som federne hans. 33 Farao Neko fengsla honom i Ribla i Hamatlandet, og gjorde soleis ende på styringi hans i Jerusalem. Han lagde skatt på landet: tvo hundrad og femti våger sylv og tvo og ein halv våg gull. 34 Farao Neko gjorde Eljakim Josiason til konge i staden for Josia, far hans, og brigda namnet hans til Jojakim. Men Joahaz tok han med seg til Egyptarland, og der døydde han. 35 Jojakim reidde ut sylvet og gullet til Farao. Men han laut leggja skatt på landet for å reida ut dei pengarne Farao kravde. Etter so som kvar var likna, dreiv han inn sylvet og gullet av landsfolket og reidde det ut til Farao Neko. 36 Fem og tjuge år gamall var Jojakim då han vart konge, og han elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Zebida Pedajadotter, frå Ruma. 37 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som federne hans.
Copyright information for NorSMB