2 Kings 24

I hans tid drog Babel-kongen Nebukadnessar upp, og Jojakim vart lydkongen hans. Men tri år etter fall han ifrå honom att. Herren sende då imot honom kaldæiske, syriske, moabitiske og ammonitiske røvarflokkar. Han sende deim mot Juda til å øyda landet, etter Herrens ord, som han hadde tala ved tenarane sine, profetarne. Ja, på Herrens bod gjekk det so med Juda at dei vart burtstøytte frå hans åsyn, for Manasses synder skuld, for alt det han hadde gjort, soleis og for det skuldlause blodet han let renna, då han fyllte Jerusalem med skuldlaust blod; det vilde Herren ikkje tilgjeva. Det som elles er å fortelja um Jojakim og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. Jojakim lagde seg til kvile hjå federne sine, og Jojakin, son hans, vart konge i staden hans. No for ikkje egyptarkongen ut frå landet sitt meir; for Babel-kongen hadde teke alt det landet egyptarkongen åtte frå Egyptarlands-bekken til elvi Frat. Attan år gamall var Jojakin då han vart konge, tri månader rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Nehusta Elnatansdotter, frå Jerusalem. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som far hans. 10 På den tid drog Babel-kongen Nebukadnessars folk upp mot Jerusalem, og byen vart kringsett. 11 Kong Nebukadnessar kom sjølv til byen, medan herfolket hans kringsette honom. 12 Juda-kongen Jojakin gav seg då yver til Babel-kongen med mor si og tenarane og hovdingarne og hirdmennerne sine; og Babel-kongen tok honom til fange i åttande styringsår. 13 Han førde burt derifrå alle skattar i Herrens hus og i kongsgarden. Han braut laust gullet av alle gognerne som Salomo, Israels konge, hadde laga åt Herrens tempel, soleis som Herren hadde sagt. 14 Han førde burt heile Jerusalem, alle hovdingarne og godseigarne, ti tusund fangar, og alle grovsmedar og låssmedar. Det vart ikkje att anna enn fatigfolk i landet. 15 Han førde Jojakin burt til Babel; og kongsmori og kongskonorne og hirdmennerne hans og storfolket i landet førde han fangar frå Jerusalem til Babel; 16 og alle godseigarane: sju tusund, grovsmedar og låssmedar: eit tusund, alle i hop djerve hermenner, deim førde Babel-kongen burt til Babel. 17 Og Babel-kongen sette Mattanja, farbror hans, til konge i staden hans, og brigda namnet hans til Sidkia. 18 Eitt og tjuge år gamall var Sidkia då han vart konge; elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamital Jirmejadotter, frå Libna. 19 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som Jojakim. 20 Det var for Herrens harm skuld det gjekk so med Jerusalem og Juda, til dess han støytte deim burt frå si åsyn. Sidkia fall ifrå Babel-kongen.
Copyright information for NorSMB