2 Kings 3

Joram Ahabsson vart konge yver Israel i Samaria i det attande styringsåret åt Juda-kongen Josafat. Han var konge i tolv år. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, men endå ikkje soleis som far og mor hans. Han fekk burt Ba’als-sula som far hans hadde sett upp. Men han heldt fast på synderne åt Jerobeam Nebatsson, som han hadde fenge Israel til å gjera, deim gav han ikkje upp. Moabs-kongen Mesa åtte so mykje fe. I skatt til Israels-kongen hadde han svara hundrad tusund lamb og ulli av hundrad tusund verar. Men då Ahab døydde, sagde Moabs-kongen seg laus frå Israels-kongen. På timen drog kong Joram ut or Samaria og mynstra heile Israels-heren. Og so sende han bod til Juda-kongen Josafat med dei ordi: «Moabs-kongen hev sagt seg laus frå meg; vil du fara med meg og føra krig Moab?» «Ja,» svara han, «eg skal fara med, eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.» Han spurde: «Kva veg skal me fara?» «Yver Edomheidarne,» svara han. Gav dei seg so i veg, Israels-kongen og Juda-kongen og Edom-kongen. Men då dei hadde fare sju dagsferder, vanta dei vatn til heren og til dyri som fulgde etter. 10 «Å du, å du!» sagde Israels-kongen, «no hev Herren stemnt i hop desse tri kongarne til å gjeva deim i henderne på moabitarne.» 11 «Finst det ingen Herrens profet her?» sagde Josafat, «so me kann spyrja Herren gjenom honom!» Ein av tenarane åt Israels-kongen svara: «Jau, Elisa Safatsson er her, han som helte vatn yver henderne åt Elia.» 12 «I hans eige er Herrens ord,» sagde Josafat. Gjekk dei so ned til honom, Israels-kongen og Josafat og Edom-kongen. 13 Men Elisa svara Israels-kongen: «Kva vil du meg? Gakk du til profetarne åt far din og profeterne åt mor di!» «Seg ikkje so!» svara Israels-kongen; «du skyner Herren hev stemnt i hop desse tri kongarne til å gjeva deim i henderne på Moab.» 14 Då svara Elisa: «So sant Herren, allhers drott, liver, han som eg tener: hadde det ikkje vore for Juda-kongen Josafat skuld, nei menn um eg vilde anten vyrda eller varast deg. 15 Men no kann du henta ein harpespelar åt meg.» Då harpespelaren leika på harpa, kom Herrens Ande yver honom, 16 Og han sagde: «So segjer Herren: «Grav grop på grop i denne dalen! 17 For so segjer Herren: Ikkje ser de vind, og ikkje ser de regn; men denne dalen vert full av vatn; sjølve fær de drikka, og heren dykkar og dyri dykkar. 18 Men dette tykkjest Herren for lite; difor vil han gjeva Moab i dykkar hand. 19 Alle faste byar og kvar storby skal de taka; kvart aldetre skal de fella, kvar ei uppkoma skal de kasta att, kvar grøderik åker skal de tyna med stein.»» 20 Andre morgonen, den tid dei bar fram grjonofferet, kom det vatn frå Edom-leitet, og landet vart fullt av vatn. 21 Då alle moabitarne frette at kongarne drog i krig mot deim, baud dei ut alle våpnføre folk og vel so det, og fylkte seg attmed landskilet. 22 Tidleg um morgonen då soli rann og skein på vatnet, tykte moabitarne frå sin synsstad, at vatnet såg ut som blod. 23 «Det er blod!» ropa dei; «det er tydelegt at kongarne hev tynt kvarandre i strid innbyrdes! No er herfang å få, moabitar!» 24 Då dei kom til Israels-lægret, ruste israelitarne på og slo moabitarne, so dei tok til rømings. So fall dei inn i Moabiterlandet og slo deim heilt. 25 Byarne braut dei ned, på alle dei grøderike åkrarne kasta dei kvar sin stein og steina deim ned, kvar ei uppkoma kasta dei att, kvart eit aldetre felte dei, til dess ikkje anna var att enn steinmurarne i Kir-Hareset; og det kringsette slyngjekastarane og skaut på det. 26 Då Moab-kongen såg at han ikkje kunde standa seg i striden, tok han sju hundrad mann våpnføre mann med seg og vilde slå seg igjenom fram til Edom-kongen. Men det mislukkast. 27 Då tok han fyrstefødde son sin som skulde verta konge i staden hans, og ofra honom på muren til brennoffer. Og ein stor harm råka Israel, so dei laut brjota upp derifrå og snu heim att.
Copyright information for NorSMB