2 Kings 7

Elisa svara: «Høyr Herrens ord! So segjer Herren: «I morgon dette bil skal dei på torget i Samaria få tvo settungar fint mjøl for ein dalar og fire settungar bygg for ein dalar.»» Då tok hermannen som kongen studde seg på til ords og svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, so vilde sovore vera ugjerande!» Han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær eta av det.» Utanfor byporten heldt seg fire spillsjuke menner. Dei sagde med kvarandre: «Kvifor skal me sitja her til me døyr? Tek me den rådi å ganga inn i byen, so er det svolt i byen, og so døyr me der. Og vert me sitjande her, so døyr me og. Kom, lat oss heller ganga ut og gjeva oss yver til syrarlægret; let dei oss liva, so liver me; drep dei oss, so døyr me.» Dei gav seg på veg i skumingi ut til i syrarlægret. Då dei kom til utkanten av lægret, fekk dei sjå det var ingen der. Herren hadde late syrarlægret høyra ljod av vogner og hestar og ein stor her. Dei hadde sagt med kvarandre: «Å, Israels-kongen hev leigt hetitarkongarne og egyptarkongarne til å taka på oss!» Og dei hadde teke flugti i skumingi og rømt frå tjeldi sine og hestarne og asni sine og frå lægret slik som det stod; dei hadde rømt på harde livet. Då desse spillsjuke kom til utkanten av lægret, gjekk dei inn i eit tjeld og åt og drakk, og tok der sylv og gull og klæde, som dei gjekk av og gøymde. Sidan kom dei att og gjekk inn i eitt anna tjeld og tok det som der var og gjekk av gøymde det. Men so sagde dei med kvarandre: «Det er ikkje rett soleis som me fer åt. I dag kann me bera fram fagnadbod; me dreg skuld på oss um me tegjer og drygjer til morgons til det dagast. Kom, lat oss fortelja det i kongsgarden!» 10 Dei gjekk då og ropa til portvakti og fortalde: «Me kom ut i syrarlægret; det fanst inkje menneskje å sjå der; og ingi mannsrøyst var å høyra der; men hestarne og asni stod tjora, og tjeldi stod som dei plar standa.» 11 Portvakti ropa tidendi ut, og ho vart fortald heilt inn i kongsgarden. 12 Kongen reis då upp nattetid og sagde med mennerne sine: «Eg skal segja dykk kva syrarane hev i emning mot oss: Dei veit me svelt; so hev dei fare frå lægret og løynt seg uti marki; dei tenkjer me vil ganga ut or byen, so dei fangar oss livande og gjeng inn i byen.» 13 Då svara ein av mennerne hans: «Lat oss taka fem av dei hestarne me hev att her inne - det kann ikkje ganga deim verre enn heile hopen av israelitar som er att her, eller verre enn heile hopen av israelitar som alt hev sett livet til - lat oss so senda bod av stad og sjå etter!» 14 So tok dei tvo vogner med hestar fyre. Kongen sende deim ut etter syrarheren. «Far av stad og sjå!» sagde han. 15 Dei for etter deim alt til Jordan, og fekk sjå heile vegen strådd med klæde og våpn som syrarane hadde kasta frå seg i hurten og sturten. Sendebodi kom att og melde det til kongen. 16 Folket gjekk då ut og plundra syrarlægret. Og soleis kom tvo settungar fint mjøl til å kosta ein dalar, og fire settungar bygg ein dalar, som Herren hadde sagt. 17 Kongen sette den hermannen som han studde seg på, til å halda orden på torget. Men folket tråkka honom ned der på torget, og han døydde, soleis som gudsmannen hadde sagt, som han sagde då kongen kom ned til honom. 18 Og det gjekk so som gudsmannen hadde sagt med kongen: «Fire settungar bygg skal dei få for ein dalar, og tvo settungar fint mjøl for ein dalar, på torget i Samaria i morgon dette bilet.» 19 Det var då hermannen svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, vilde sovore vera ugjerande.» Og han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær ikkje eta av det!» 20 Det gjekk honom so; folket trakka honom ned på torget, og det vart banen hans.
Copyright information for NorSMB