2 Peter 1

Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, til deim som hev fenge same dyre tru som me ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd: Nåde og fred vere med dykk i rikt mål, med di de kjenner Gud og Jesus, vår Herre! Etter som hans guddomlege magt hev gjeve oss alt som høyrer til liv og gudlegdom, ved kunnskapen um honom som kalla oss ved sin eigen herlegdom og si kraft, og dermed hev gjeve oss dei største og dyraste lovnader, for at de ved deim skulde verta luthavande i guddomleg natur, med di de flyr frå den tyning i verdi som kjem av lysti: so gjer dykk og just difor all umak, og vis i trui dykkar dygd, og i dygdi skynsemd, og i skynsemdi fråhald, og i fråhaldet tolmod, og i tolmodet gudlegdom, og i gudlegdomen broderkjærleik, og i broderkjærleiken kjærleik til alle. For når desse ting finst hjå dykk og fær veksa, då viser dei at de ikkje er yrkjelause eller fruktlause i kunnskapen um vår Herre Jesus Kristus. For den som ikkje hev desse ting, han er blind, dimsynt og hev gløymt reinsingi frå sine fyrre synder. 10 Difor, brør, legg so mykje meir vinn på å gjera dykkar kall og utveljing fast; for når de gjer desse ting, skal de ikkje nokon gong snåva. 11 For soleis skal det rikleg verta gjeve dykk inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi ævelege rike. 12 Difor kjem eg alltid til å minna dykk um dette, endå de veit det og er grunnfeste i den sanning som er hjå dykk. 13 Like vel held eg det for rett å vekkja dykk ved påminning, so lenge eg er i denne hytta, 14 sidan eg veit at eg brått skal leggja ned hytta mi, so som og vår Herre Jesus Kristus hev varsla meg. 15 Men eg vil og leggja vinn på at de alltid etter min burtgang kann minnast dette. 16 For det var ikkje klokt uttenkte eventyr me fylgde, då me kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi magt og tilkoma, men me hadde vore augvitne til hans storvelde. 17 For han fekk æra og herlegdom av Gud Fader, ei slik røyst kom til honom frå den høgste herlegdomen: «Dette er son min, som eg elskar, som eg hev hugnad i.» 18 Og denne røysti høyrde me koma frå himmelen, då me var saman med honom på det heilage fjellet. 19 Og dess fastare hev me det profetiske ordet, og de gjer vel i å agta på det som på eit ljos som skin på ein myrk stad, til dess dagen lyser fram, og morgonstjerna renn upp i hjarto dykkar, 20 men di de fyrst og fremst veit dette, at inkje profetord i skrifti er gjeve til eigi tyding. 21 For aldri er noko profetord framkome av mannevilje; men dei heilage Guds menner tala, drivne av den Heilage Ande.
Copyright information for NorSMB