2 Peter 2

Men det stod og falske profetar fram hjå folket, liksom det og hjå dykk skal koma falske lærarar, som skal lura inn ranglæror som fører til fortaping, med di dei jamvel neittar den Herre som kjøpte deim, og fører yver seg sjølve ei brå fortaping. Og mange skal fylgja deim i deira used, og for deira skuld skal sanningsvegen verta spotta, og av havesykja skal dei med uppdikta ord nytta dykk ut til vinning. Men domen er frå gamall tid ikkje yrkjelaus mot deim, og deira fortaping søv ikkje. For so visst som Gud ikkje sparde englar då dei synda, men støytte deim ned i avgrunnen og gav deim yver til myrke holor i varetekt til dom, og ikkje sparde den gamle verdi, men heldt uppe rettferds-forkynnaren Noah sjølv-åttande, då han førde storflodi yver ei verd av ugudlege, og lagde byarne Sodoma og Gomorra i oska og fordømde deim til undergang og dermed sette deim til fyredøme på dei ugudlege i framtidi, og fria ut den rettferdige Lot, som leid under den skamlause åtferdi av dei ugudlege - for den rettferdige som budde imillom deim, leid dagstødt pinsla i si rettferdige sjæl ved dei lovlause gjerningar som han såg og høyrde - so veit Herren å fria dei gudlege ut or freisting, men halda dei urettferdige i varetekt med refsing til domedag, 10 mest deim som fer etter kjøtet i urein lyst og vanvyrder herredøme. Dei sjølvgode vågehalsar! Dei skjelv ikkje ved å spotta høge magter, 11 medan då englar, som er større i styrke og magt, ikkje ber fram for Herren nokon spottande dom imot deim. 12 Men desse, liksom vitlause dyr, av naturi fødde til fanging og undergang, dei skal, av di dei spottar det dei ikkje kjenner, gagna under ved si eigi uferd 13 og få urettferds løn. Dei set si lyst i å bruka dagen til kjæla; dei utskjemmor og skamflekkjer; dei kræser seg ved sitt svik når dei held gilde med dykk. 14 Augo hev dei som er fyllte av skjøkja og umetteleg i synd; dei forlokkar ustøde sjæler; dei hev eit hjarta som er upptamt i havesykja, dei forbanningsborn! 15 Dei hev vike av frå den beine vegen og fare vilt, med di dei hev fylgt Bileam Beorssons veg, han som elska urettferds løn 16 og fekk refsing for sitt eige brot: eit umælande klyvdyr tala med mannemæle til honom og hindra profeten i hans uvitingskap. 17 Desse er vatslause kjeldor, skodda som vert drivi av stormvind; til deim er kolmyrket ferdigt. 18 For med di dei talar skrøytande, tome ord, forlokkar dei i kjøtslyster ved ukjurskap deim som nett hev flytt ifrå deim som fer i villa, 19 med di dei lovar deim fridom, dei som sjølve er trælar under tjon; for det som ein ligg under for, det hev han og vorte træl for. 20 For um dei hev flytt ifrå ureinskapen i verdi med di dei hev lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus, og so atter vert innfløkte i henne og ligg under, då hev det siste vorte verre med deim enn det fyrste. 21 For det var betre for deim at dei ikkje hadde kjent rettferds veg, enn at dei kjende honom og so vende seg burt att frå det heilage bodet som var yvergjeve deim. 22 Det hev gjenge deim etter det sanne ordtøket: «Ein hund vendar atter til si eigi spya,» og: «Ei lauga su velter seg i søyla.»
Copyright information for NorSMB