2 Samuel 1

Saul var dåen, og David var attkomen frå sigeren yver Amalek og hadde halde seg i Siklag tvo dagar. Då hende det seg tridje dagen at han fekk sjå ein mann kom springande frå Sauls-lægret med sundrivne klæde og mold på hovudet. Då han kom burtåt David, fall han å gruve til jordi. David spurde honom: «Kvar kjem du ifrå?» Han svara: «Eg hev kome meg undan frå Israels-lægret.» «Kor hev det gjenge?» spurde David, «seg meg det!» Han svara: «Folket rømde frå striden, mange av herfolket fall og døydde; Saul og Jonatan, son hans, er døydde og.» David spurde sveinen som kom med tidendi: «Kor veit du at Saul og Jonatan, son hans, er daude?» Då svara tidendsveinen: «Av eit hende høvde eg til å koma upp på Gilboafjellet og fekk sjå Saul studde seg til spjotet sitt, medan stridsvognerne og hestfolket sette inn på honom. Han vende seg og såg meg, og ropte på meg, og eg svara ja; Han spurde meg kven eg var; eg svara eg var ein amalekit. So bad han meg: «Kom hit og drep meg! eg hev fenge baneridi, alt med det endå er liv i meg.» 10 Eg gjekk då fram og gav honom banestyngen. Eg skyna han kunde ikkje liva når han stupte. Eg tok so hovudgullet og ein armring av honom og bar hit til deg, herre!» 11 Då tok David og reiv sund klædi sine. Sameleis gjorde alle fylgjesveinarne hans. 12 Dei øya og gret og fasta alt til kvelden, for di Saul og Jonatan, son hans, og Herrens folk og Israels ætt hadde falle for sverd. 13 David spurde tiendsveinen: «Kvar er du ifrå?» Han svara: «Framandmanns son, amalekit er eg.» 14 Då sagde David med honom: «Kor våga du leggja hand på den som Herren hev salva, og drepe honom?» 15 Og David ropa på ein av sveinarne sine og sagde: «Hit, og hogg honom ned!» Og han gav honom banehogg. 16 «Ditt blod kome yver ditt hovud,» sagde David; «din eigen munn vitna mot deg då du sagde: «Eg hev drepe honom som Herren hadde salva.»» 17 David kvad eit syrgjekvæde yver Saul og Jonatan, son hans 18 han baud dei skulde læra Juda-borni «Kvædet um bogen», det finst uppskrive i boki åt den rettvise: 19 Israels prydnad! drepen ligg du på haugarne dine! Ai ei! falne er kjemporne dine! 20 Gjet det ikkje i Gat! Lat deim ikkje gleda seg i Askalons-gatorne, so ikkje filistardøtter skal frygda seg og døtter av u-umskorne fegnast! 21 Og Gilboafjell! gjev dogg og regn ei må falla på dykk! og ingen åke gro med offergåvor! Der kasta kjemporne skjoldarne frå seg. Skjolden åt Saul - aldri med olje han meir vert smurd! 22 Av bøygde aldri Jonatans boge frå blod åt falne, frå feitta åt kjempor. Og aldri kom sverdet hans Saul kom att med ugjort! 23 Saul og Jonatan, elska og ljuvlege, uskiljande både i liv og daude! snøggare var dei enn ørnar, sterkare var dei enn løvor. 24 Israels døtter! Gråt for Saul, han som klædde dykk i yndeleg skarlak, han som prydde med gull dykkar klæde! 25 Ai ei! kjemporne fall i striden! Jonatan, drepen ligg han på haugarne dine! 26 Sårt eg deg syrgjer, Jonatan, bror min! Utifrå yndeleg var du for meg. Kjærleiken din kjærare var meg enn kvende-elsk. 27 Ai ei! at kjempor fall, og båe strids-sverdi øyddest!
Copyright information for NorSMB