2 Samuel 10

Det hende seg deretter at ammonitarkongen døydde. Og Hanun, son hans, vart konge etter honom. Då sagde David: «Eg vil syna Hanun Nahasson venskap, liksom far hans synte meg venskap.» David sende nokre av tenarane sine til å trøysta honom i sorgi yver faren. Tenarane åt David kom til Ammonitarlandet. Då sagde ammonitarfyrstarne til Hanun, herren sin: «Trur du det er til heider for far din at David hev sendt trøystarar til deg? Å nei, David hev sendt tenarane til deg berre for di han vil granska byen og njosna, og sidan gjera enden på honom.» So tok Hanun tenarane hans David og let raka av deim halve skjegget og skjera klædi deira midt yver like upp til seten, og sende deim heim soleis. Då David frette det, sende han folk til møtes med deim, og kongen let segja med deim: «Stana i Jeriko til dess skjegget hev vakse ut på dykk, so kann de koma heim att!» For mennerne hadde vorte øgjeleg svivyrde. Då no ammonitarne skyna dei hadde gjort David hatig på seg, sende dei bod og leigde tjuge tusund mann fotfolk, syrarar frå Bet-Rehob og syrarar frå Soba, eit tusund mann hjå kong Ma’aka, og tolv tusund av mannskapet åt Tob. Då David høyrde gjete det, sende han Joab med heile heren, det vil segja dei djervaste stridsmennerne. Ammonitarne drog ut og fylkte seg framfor byporten, medan syrarane frå Soba og Rehob og Tob-folket og Ma’aka-folket stod for seg sjølve på opi mark. Då Joab gådde han laut vera budd på åtak både framme og bak, gjorde han eit utval millom dei utvalde Israels-hermennerne, og fylkte deim mot syrarane. 10 Resten av folket let han åt Abisai, bror sin, som so fylkte deim beint imot ammonitarne. 11 Og han sagde: «Um syrarane vinn på meg, so kjem du meg til hjelp. Og um ammonitarne vinn på deg, so skal eg koma og hjelpa deg. 12 Ver sterk! Lat oss syna oss sterke i striden for folket vårt og for byarne åt vår Gud! So fær Herren gjera det han tykkjer best. 13 Joab drog fram med mannskapet sitt og stridde mot syrarane, og dei rømde for honom. 14 Då ammonitarne såg at syrarane rømde, so rømde dei og for Abisai, og sprang inn i byen. Og Joab drog burt frå ammonitarne og kom heim att til Jerusalem. 15 Då syrarane såg at dei var slegne av Israel, samla dei seg i hop. 16 Hadadezer baud ut dei syrarane som budde på hi sida Storelvi. Og dei kom til Helam, med Sobak, herhovdingen åt Hadadezer, til førar. 17 Då David spurde dette, stemnde han saman heile Israel, gjekk yver Jordan og kom til Helam. Syrarane fylkte seg og gjorde åtak på David og slost med honom. 18 Men syrarane rømde for Israel, og David hogg ned sju hundrad krigshestar og fyrti tusund hestfolk av syrarheren; og herhovdingen Sobak fekk banehogg der. 19 Då alle lydkongarne under Hadadezer såg dei var slegne av Israel, gjorde dei fred med Israel og vart tenarane deira. So våga ikkje syrarane hjelpa ammonitarne meir.»
Copyright information for NorSMB