2 Samuel 15

Ei stund etterpå fekk Absalom seg vogn og hestar og femti mann som sprang fyre honom. Tidleg um morgonen pla Absalom standa attmed vegen til porten. So tidt nokon var på veg til kongen med eikor saki han vilde hava dom i, ropa Absalom honom til seg og spurde: «Kva by er du frå?» Når han svara: «Frå den og den ætti i Israel er tenaren din,» so svara Absalom: «Du veit saka di er både god og rett, men hjå kongen finn du inkje ope øyra.» Og han lagde til: «Gjev dei gjera meg til domar i landet! Då skulde kvar ein koma til meg med saker og søksmål. Og eg skulde gjeva honom rett.» Gjekk einkvan fram og vilde bøygja seg for honom, retta han ut handi og tok um honom og kysste honom. Soleis gjorde Absalom med alle i Israel som kom med saker kongen skulde døma i. Og Absalom dåra hugen hjå Israels-sønerne. Fire år var lidne, då Absalom ein dag bad kongen: «Lat meg draga til Hebron og halda ein lovnad eg hev gjort åt Herren! Då tenaren din budde i Gesur i Syria, gjorde eg den lovnaden: «Let Herren meg verkeleg koma heim att til Jerusalem, so vil eg halda ei gudstenesta åt Herren.»» Kongen svara: «Far i fred!» Han reis upp og drog til Hebron. 10 Absalom sende so njosnarar til alle ætterne i Israels med dei ordi: «Når de høyrer luren ljoda, då kann det fortelja at Absalom hev vorte konge i Hebron.» 11 Med Absalom fylgde tvo hundrad mann frå Jerusalem, som var innbodne og fylgde med i god tru; dei visste ingen ting. 12 Medan Absalom ofra slagtofferi, sende han bod og henta dessutan Ahitofel, rådsmannen åt David, frå Gilo, heimbyen hans. Samansverjingi auka i styrke. Folket heldt på og gjekk yver til Absalom i store mengder. 13 Ein bodberar kom til David og melde: «Israels-mennerne hev vendt hugen sin til Absalom.» 14 Då baud David alle tenarane sine, dei som var hjå honom i Jerusalem: «Av stad! Det finst ingi onnor råd for oss til å berga oss undan Absalom. Skunda dykk av stad, so han ikkje kjem brått på oss og fører ulukka yver oss og drep byfolket!» 15 Kongstenarane svara: «Tenarene dine er budde til alt det du vil, herre konge!» 16 Då drog kongen ut; og alle husfolki hans fylgde. Ti av fylgjekonorne let kongen att til å vakta huset. 17 Då kongen drog av stad, fylgde alt byfolket. Dei stogga ved Bet-Hammerhak. 18 Alle tenarane gjekk framum honom, like eins heile livvakti. Og alle Gats-folki, seks hundrad mann som hadde fylgt honom frå Gat, gjekk framum kongen. 19 Kongen sagde med Gats-mannen Ittai: «Kvifor gjeng du og med oss? Far attende, og ver hjå honom som no er konge! Du er då berre utlending, ja ein heimlaus utvandrar. 20 Du kom i går! Skulde eg i dag lata deg reika ikring med oss på ferdi vår, no eg ikkje sjølv veit leidi? Far attende, og tak brørne dine med deg! Gjev miskunn og truskap må timast dykk!» 21 Men Ittai svara kongen: «So sant Herren liver, og so sant du liver, herre konge: den staden du er, herre konge, der vil tenaren din ogso vera, anten det ber til liv eller daude!» 22 David sagde då til Ittai: «Ja ja, ver so med!» Gats-mannen Ittai drog då med, fylgd av alle sine menner og heile barneflokken som han hadde med seg. 23 Heile landet storgret då alt folket drog fram. Og då kongen gjekk yver Kidronsbekken, fylgde alt folket etter og tok vegen åt øydemarki. 24 Sjå Sadok og alle levitarne var og med honom. Dei bar Guds sambandskista med seg. Dei sette Guds kista ned - då kom Abjatar og upp - til dess alt folket hadde rokke fram frå byen. 25 Kongen sagde då til Sadok: «Før Guds kista attende til byen! Syner Herren meg miskunn, so let han meg koma heim att, so eg fær sjå att honom og bustaden hans. 26 Men segjer han: «Eg hev ikkje godvilje for deg,» då er eg budd: han gjere med meg som han tykkjer!» 27 Og kongen sagde med presten Sadok: «Du sjåar. Far heim att i fred! Og båe sønerne dykkar, Ahima’as, son din, og Jonatan Abjatarsson, må fylgja med dykk. 28 Sjå, eg vil drygja attmed ferjestaderne i øydemarki til dess eg fær bod frå dykk med meldingar.» 29 So førde Sadok og Abjatar Guds kista attende til Jerusalem og stana der. 30 David gjekk gråtande upp Oljefjellet med tilsveipt hovud og berrføtt. Og alt folket som fylgde, hadde og sveipt til hovudi sine og gjekk gråtande dit upp. 31 Då David fekk høyra at Ahitofel var millom deim som hadde samansvore seg med Absalom, bad David: «Herre, gjer Ahitofels råd til skammar!» 32 Då David var komen øvst på fjellet, der dei plar tilbeda Gud, då kom Husai av arkitætti mot honom med sundrivne klæde og mold på hovudet. 33 David sagde til honom: «Gjeng du med meg, vert du til bry for meg. 34 Men gjeng du attende til byen og segjer med Absalom: «Din tenar vil eg vera, konge! far din’s tenar var eg fyrr; no er eg din tenar!» - so kann du hjelpa meg å skjepla Ahitofels råd. 35 Du veit du hev prestarne Sadok og Abjatar ogso der. Alt du frettar frå kongshuset, må du melda åt prestarne Sadok og Abjatar. 36 Dei hev ogso båe sønerne sine heime: Sadok hev Ahima’as, og Abjatar hev Jonatan. Med deim kann du senda meg bod um alt du fretter.» 37 So gjekk då Husai, venen åt David, inn i byen, samstundes som Absalom drog inn i Jerusalem.
Copyright information for NorSMB