2 Samuel 16

Då David var komen eit stykke på hi sida av fjellet, møtte han Siba, drengen åt Mefiboset, med eit par asen kløvja med tvo hundrad brød, hundrad rosinkakor, hundrad sumarfrukter og ei vinhit. Kongen spurde Siba: «Kva er det du hev der?» Siba svara: «Asni skal vera til å rida på for kongens husfolk. Brødet og frukterne skal vera mat åt tenarane; og vinen til svaledrykk for dei trøytte mennerne dine i øydemarki.» Kongen spurde: «Kvar er son åt husbonden din?» Siba svara: «Han er att i Jerusalem. Han tenkte at no vil Israels hus gjeva honom att kongedømet åt far hans.» Då sagde kongen til Siba: «Alt det Mefiboset eig, skal vera ditt!» Siba svara: «Eg fell ned for deg. Lat meg eiga godviljen din, herre konge!» Då kong David so kom til Bahurim, kom ut derifrå ein mann av Sauls-ætti, Sime’i Gerason heitte han. Han gjekk og banna og kasta stein etter David og alle kongstenarane, endå heile heren og det djervaste stridsfolket gjekk på båe sidor av kongen. Soleis banna Sime’i: «Burt, burt med deg, din blodhund! din niding! Herren let no alt blodet frå Sauls hus koma att yver deg, du som vart konge i hans stad. Herren gjev no kongedømet til Absalom, son din. Sjå no hev du fenge ulukka etter fortenesta! ein blodhund er du!» Abisai Serujason spurde kongen: «Kvifor skal den daude hunden der hava lov å banna deg, herre konge? Lat meg fara dit og hogga hovudet av honom!» 10 Men kongen svara: «Kva hev eg med dykk å gjera, Seruja-søner? Bannar han, og er det Herren som hev bode honom å banna David, kven vågar då spyrja: «Kvi gjer du so?»» 11 Og David sagde med Abisai og med alle folki sine: «De veit son min vil taka livet av meg - han som er runnen av mi rot. Kor mykje større grunn hev då denne benjaminiten! Lat honom berre banna, når Herren hev bode honom å banna. 12 Kann henda Herren ser til mi naud og gjev meg lukka til vederlag for den forbanningi som kjem yver meg i dag.» 13 David og mennerne hans gjekk so burtetter vegen, medan Sime’i fylgde honom jamsides uppi lidi, og banna i eino og kasta stein og molda honom ut med mold. 14 Kongen kom med alle folki sine til Ajefim og kvilde seg der. 15 Absalom var komen til Jerusalem med alle sine folk av Israels-mennerne. Han hadde ogso Ahitofel med seg. 16 Då arkiten Husai, venen åt David, kom til Absalom, ropa han imot honom: «Live kongen, live kongen!» 17 Absalom spurde Husai: «Er det soleis du syner godvilje mot venen din? Kvifor hev du ikkje fylgt venen din?» 18 Husai svara Absalom: «Nei, den som Herren og folket og alle Israels-mennerne hev valt, til honom vil eg høyra, hjå honom vil eg vera. 19 Dessutan: kven er det eg tenar? Er det ikkje son hans? Like eins som eg hev tent hjå far din, so vil eg no vera hjå deg.» 20 Absalom bad Ahitofel: «Kom med ei råd, kva skal me gjera no.» 21 Ahitofel svara: «Ligg med fylgjekonorne åt far din, som han let att til å vakta kongsgarden! Då fær heile Israel høyra gjete at du hev gjort far din hatig på deg. Og so fær dei nytt mod alle som hev fylgt deg.» 22 So slo dei upp tjeld åt Absalom uppå taket. Og Absalom låg med fylgjekonorne åt far sin, so heile Israel såg på. 23 I dei dagarne galdt ei råd som Ahitofel gav, like mykje som svar frå Gud. So mykje galdt alle Ahitofels råder både hjå David og hjå Absalom.
Copyright information for NorSMB