2 Samuel 18

David mynstra folket sitt og sette førarar og underførar yver deim. So sende David ut folket; den eine tridjeparten under Joab, den andre tridjeparten under Abisai Serujason, bror åt Joab, og den tridje under Ittai frå Gat. Og kongen sagde til folket: «Eg er fast meint på å draga ut sjølv med dykk.» Men dei svara: «Du fær ikkje draga ut. Um me lyt røma, bryr ingen seg um oss. Um helvti av oss vert drepne, bryr ingen seg um oss. Men du er no jamgod med titusund av oss. Difor er det likare at du er budd på å koma oss til hjelp frå byen.» Kongen sagde: «Det de meiner er best, det vil eg gjera.» So tok kongen post attmed porten. Og heile heren drog ut i hundrad og i tusund. Kongen baud Joab, Abisai og Ittai: «Far no varsamt med den unge mannen, med Absalom!» Heile heren høyrde kva kongen baud herhovdingarne um Absalom. So drog heren ut i opi marki mot Israel. Og det kom til slag i Efraimsskogen. Der vart Israels-heren slegen av Davids herfolk. Og vart stort mannefall millom deim den dagen: tjuge tusund mann. Slaget spreidde seg utyver heile den kanten av landet. Og skogen øydde fleire folk den dagen enn sverdet. Det bar so til at Absalom råka på nokre av folki åt David. Han reid på eit muldyret. Og då muldyret kom inn under dei tette greinerne av ei stor eik, vart hovudet hans klemt fast millom greinerne. Og han vart hangande millom himmel og jord. For muldyret han reid på, sprang sin veg. 10 Ein mann som såg det, melde det til Joab: «Eg fekk sjå Absalom hangande i ei eik der burte.» 11 Joab spurde bodberaren: «Når du såg det, kvifor slo du honom ikkje til marki med same? So skulde eg gjerne ha gjeve deg ti sylvdalar og eit belte for det.» 12 Mannen svara: «Um eg so skulde fenge ti tusund sylvdalar upp i neven, so ikkje eg leggja hand på kongssonen. Me høyrde då med eigne øyro kor kongen baud deg og Abisai og Ittai: «Tak vare på den unge mannen, på Absalom, for meg.» 13 Og hadde eg gjort svik mot hans liv - for ingen ting vert løynd for kongen - so vilde du halde deg utanfor.» 14 «Eg vil ikkje hefta tidi lenger meg deg,» sagde Joab, treiv tri spjot i handi, og deim rende han i bringa på Absalom, som endå hekk livande millom greinerne på eiki. 15 So kom ti sveinar til, Joabs våpnsveinar, og gav Absalom banehogg. 16 Joab bles i luren. Og herfolket heldt upp med å forfylgja Israel, då Joab baud deim stogga. 17 Dei tok og kasta Absalom i ei stor grop i skogen, og hauga i hop ei veldug steinrøys yver honom. Heile Israel tok til rømings kvar til seg. 18 Absalom sjølv hadde i livande live teke og reist upp til minne for seg den merkesteinen som stend i Kongsdalen; med di han sagde: «Eg hev ingen son til å halda uppe namnet mitt!» Han kalla merkesteinen etter sitt namn; og han heiter «Absaloms minne» endå den dag i dag. 19 Ahima’as Sadoksson sagde: «Lat meg skunda meg og melda kongen fagnadtiendi, at Herren hev hjelpt honom til retten sin mot uvenerne sine!» 20 «Nei,» sagde Joab, «det vert inkje fagnadbod det du hev å bera i dag. Ein annan dag kann du koma med fagnadtiend. Men i dag vert det ingen fagnadtiend; for det er son åt kongen som er avliden.» 21 So baud Joab ein ætiop: «Gakk og meld kongen det du hev set!» Ætiopen fall ned for Joab og sprang av stad. 22 Ahima’as Sadoksson bad Joab andre gongen: «Kome kva kome vil: lat meg springa eg og, etter ætiopen!» Joab svara: «Kvifor vil du det, guten min? Dette er då ikkje nokor fagnadtiend, som du kann venta løn for!» 23 Han sagde: «Koma kva kome vil: eg spring!» «So spring då!» sagde Joab. Og Ahima’as sprang, og tok vegen yver Jordan-kverven og kom fyre ætiopen. 24 David sat inni dubbelporten. Og ein vaktmann steig upp på porttaket innmed muren. Då han skoda ut, fekk han sjå ein koma springande åleine. 25 Vaktmannen ropa og melde det åt kongen. Då sagde kongen. «Er han åleine, so hev han eit fagnadbod å bera fram. Men medan han kom næmare, 26 fekk vaktmannen sjå ein annan kom springande. Då ropa vaktmannen ned til portvakti: «No ser eg ein til kjem springande åleine.» Kongen sagde: «Han kjem og med fagnadbod.» 27 Vaktmannen sagde: Etter måten å springa på, tykkjer eg den fyrste må vera Ahima’as Sadoksson.» Kongen sagde: «Han er ein god mann! han kjem visseleg med fagnadtidend.» 28 Ahima’as ropa til kongen: «Heil og sæl!» So fall han å gruve til jordi framfor kongen og sagde: «Lova vere Herren, din Gud! Han hev gjeve deg dei mennerne som lyfte handi mot deg, herre konge!» 29 Kongen spurde: «Stend det vel til med den unge mannen, med Absalom?» Ahima’as svara: «Eg såg ei stor mannemuge då Joab sende den andre kongstenaren og meg. Men eg veit ikkje kva det galdt.» 30 Kongen sagde: «Gakk til sides, og statt der!» Han so gjorde. 31 Nett då kom ætiopen. Han sagde: «Tak imot fagnadbodet, herre konge, at i dag hev Herren gjeve deg rett mot alle deim som reiste seg mot deg.» 32 Kongen spurde ætiopen: «Stend det vel til med den unge mannen, med Absalom?» Ætiopen svara: «Gjev det må ganga soleis med uvenerne dine, herre konge, og med alle som reiser seg mot deg og vil gjera deg mein, som det gjekk med den unge mannen!» 33 Då vart kongen reint ille ved, gjekk upp i taksalen yver porten, og gret. Og alt medan han gjekk, jamra han: «Absalom, son min, Absalom, son min, son min! Gjev eg hadde døytt i staden din! Absalom, son min, son min!»
Copyright information for NorSMB