2 Samuel 22

David kvad dette kvædet åt Herren då Herren hadde frelst honom frå alle uvenerne sine, og frå Saul: «Herren er mitt berg og mi festning og min frelsar. Gud er mitt berg som eg flyr til! Min skjold og mitt frelseshorn Mi høge borg! mi livd! Frelsaren min som friar meg ifrå vald! Eg kallar på Herren, den høglova: Frå fiendarne mine frelsar han meg. Daudens brot og brand kringsette meg. Straumar av vondskap skræmde meg. Helheims reip var snørde ikring meg. Daudsens snaror fanga meg. Men Herren kalla eg på i mi trengsla, eg ropa til min Gud. Han høyrde frå templet sitt røysti mi, mitt rop rakk fram til øyro hans. Jordi skok seg og skalv, himmelens grunnvollar dirra, Dei skok seg, for harmen hans loga upp: Røyk steig upp frå nasen hans, eld frå munnen hans åt ikring seg, gloande kol loga frå honom. 10 Han lægde himmelen og steig ned, med kolmyrker under føterne sine. 11 Han for fram på kerub og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden. 12 Myrkret gjorde han til åklæde kring seg, tjeldet hans var myrke vatn, tjukke skyer. 13 Frå glansen fyre andlitet hans brann gloande kol. 14 Herren tora i himmelen, den Høgste let høyra si røyst: 15 Pilerne sine skaut han og spreidde deim, eldingar sende han og fortulla deim. 16 Djupålarne i havet kom upp i dagen, grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved Herrens trugsmål, ved andepusten frå hans nase. 17 Han rette ut handi frå høgdi og greip meg, han drog meg upp or store vatn. 18 Han frelste meg frå min megtige fiende, frå uvenern’ mine, dei var meg for sterke. 19 Dei for imot meg på motgangsdagen; men Herren vart studnaden min. 20 Han førde meg ut i vidt rom. Han frelste meg, for han hadde hugnad i meg. 21 Herren gjorde med meg etter rettferdi mi, han lønte meg etter reinleiken i henderne mine. 22 For eg tok vare på Herrens vegar, fall ikkje i vondskap frå min Gud. 23 Nei, alle hans rettar hadde eg for auga, bodordi hans veik eg ikkje ifrå. 24 So var eg ulastande for honom og tok meg i vare for mi synd. 25 Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken min for hans augo. 26 Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande kjempa ulastande. 27 Mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde syner du deg rang. 28 For du frelsar arme folk, men augo dine er mot dei ovmodige til å tvinga deim ned. 29 For du er mi lampa, Herre, og Herren gjer myrkret mitt bjart. 30 Ved deg eg renner mot herflokkar, ved min Gud stormar eg murar. 31 Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom. 32 For kven er Gud forutan Herren? Kven er eit berg utan vår Gud? 33 Gud, han som gyrder meg med kraft, og leider den ulastande på hans veg, 34 som gjev meg føter liksom hindarne, og set meg upp på høgderne mine, 35 som lærer henderne mine upp til strid, so armarne spenner koparbogen. 36 Du gav meg frelsa di til skjold, og småminkingi di ho gjorde meg stor. 37 Du gjorde rom for stigi mine, og oklo mine vagga ikkje. 38 Eg forfylgde fiendarne mine og tynte deim. Eg vende ikkje um fyrr eg fekk gjort ende på deim. 39 Eg gjorde ende på deim og slo deim i knas, so dei vann ikkje reisa seg. Dei fall under føterne mine. 40 Du gyrde meg med kraft til striden. Du bøygde motmennern’ mine under meg. 41 Fiendarne mine let du snu ryggen til meg, deim som hatar meg, rudde eg ut. 42 Dei såg seg um - men ingen frelste - til Herren, men han svara deim ikkje. 43 Eg smuldra deim som dust på jordi; som søyla på gator krasa eg deim; eg trakka deim ned. 44 Du frelste meg ut or mitt folks ufred, til hovud for heidningar vara du meg; folk som eg ikkje kjende, tente meg. 45 Ukjende folk smeikte for meg, ved gjetordet um meg lydde dei meg. 46 Ja, framandfolk visna av, gjekk skjelvande ut or borgerne sine. 47 Herren liver! lova vere han, mitt berg! Ja, upphøgd vere Gud, mitt frelse-berg, 48 Gud som gjev meg hemn, legg folkeslag under meg 49 og fører meg ut frå fiendarne mine! Ja - du som lyfter meg høgt yver motmennern’ mine og bergar meg undan frå valdsmanns hand! 50 Difor, Herre, vil eg prisa deg millom heidningarn’, og lovsyngja ditt namn. 51 For han gjer kongen sin sigersæl, gjer miskunn mot honom han salva, mot David og ætti hans til æveleg tid.»
Copyright information for NorSMB