2 Samuel 24

Herrens harm loga upp mot Israel att, so eggja David mot deim og sagde: «Gakk av stad og tel Israel og Juda!» Då baud kongen Joab, herhovdingen som var hjå honom: «Far gjenom alle ættarne i Israel frå Dan alt til Be’erseba og mynstra folket, so eg kann få vita folketalet! Joab svara kongen: «Gjev Herren, din Gud, må gjera dette folket hundrad gonger so talrikt som det er! Og gjev du, herre konge, må få sjå det med eigne augo! Men kvifor hev du, herre konge, fenge hug på sovore?» Like ved stod kongsbodet fast. Joab og dei hine herhovdingarne laut lyda. Joab og dei hine herhovdingarne drog då ut i kongens ærend og mynstra Israels-folket. Dei gjekk yver Jordan og slo lægra seg ved Aroer på høgre sida av byen, i Gadsdalen burtimot Jazer. Derifrå kom dei til Gilead og Tatim-Hodsilandet. So kom dei til Dan-Ja’an, og so rundt ikring til Sidon. Deretter kom dei til festningi i Tyrus og alle hevitarbyarne og kananitarbyarne. Til slutt drog dei til Be’erseba i Juda-sudlandet. Då dei hadde fare soleis gjenom heile landet, kom dei heim til Jerusalem. Ferdi hadde teke ni månader og tjuge dagar. Joab gav upp åt kongen heile talet som folketeljingi synte: Israel åtte hundrad tusund fullgode våpnføre stridsmenner, og Juda-folki fem hundrad tusund. 10 Men David fekk samvitsagg etter han hadde talt folket. Og David sagde til Herren: «Eg hev synda grovt med det eg hev gjort. Men tilgjev no, Herre, illgjerdi åt tenaren din! for det var mykje uvisleg gjort av meg.» 11 Då David reis upp um morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren åt David. Han hadde sagt: 12 Gakk og seg med David: «So segjer Herren: Tri ting legg eg fram for deg; vel ein av deim som du vil eg skal gjera med deg!»» 13 Gad gjekk inn til David og forkynte honom dette. Han spurde honom: «Vil du at det skal koma sju store uår i landet ditt? Eller vil du i tri månader ljota røma for uvenerne dine med dei forfylgjer deg? Eller at eg skal søkja landet ditt med drepsott i tri dagar? Tenk no yver det, og sjå til kva svar eg skal gjeva honom som hev sendt meg!» 14 David svara Gad: «Eg er i stor vande. Men lat oss då falla i Herrens hand! for hans miskunn er stor. I menneskjehand vil eg ikkje falla.» 15 So søkte Herren Israel med drepsott frå morgonen til den fastsette tidi. Sju og sytti tusund mann døydde av folket frå Dan til Be’erseba. 16 Men då engelen rette ut handi yver Jerusalem og vilde tyna det, so angra Herren det vonde. Og han sagde til engelen som tynte folket: «Det er nok! Drag no handi di attende!» Og Herrens engel var då ved treskjarvollen åt jebusiten Aravna. 17 Men då David fekk sjå engelen som herja millom folket, tala han so til Herren: «Det er då eg som hev synda, det er eg som hev fare gale! men desse sauerne - kva hev dei gjort? Gjev handi di må venda seg mot meg og farshuset mitt!» 18 Og Gad kom til David same dagen og sagde til honom: «Gakk av stad og reis eit altar åt Herren på treskjarvollen åt jebusiten Aravna!» 19 David gjekk av stad etter Gads ord, so som Herren hadde bode honom. 20 Då Aravna skoda ut og fekk sjå kongen og kongstenarane koma til honom, gjekk han ut og fall å gruve til jordi framfor kongen. 21 Aravna spurde: «Kvifor kjem du, herre konge, til tenaren din?» David svara: «Eg vil kjøpa treskjarvollen av deg og byggja der eit altar åt Herren, so sotti må stana som hev herja folket.» 22 Då sagde Aravna med David: «Tak du og ofra kva du tykkjer høvlegast, herre konge! Her er fe til brennoffer. Her er treskjarvogni og oket på feet til ved. 23 Alt saman, konge, gjev Aravna kongen.» Og Aravna lagde til: «Gjev Herren, din Gud, må hava hugnad i deg!» 24 Kongen svara Aravna: «Nei, eg vil kjøpa det av deg for full pris. Eg vil ikkje ofra åt Herren, min Gud, brennoffer som ingen ting kostar.» So kjøpte David treskjarvollen og feet for femti sylvdalar. 25 David bygde der eit altar åt Herren, og ofra brennoffer og takkoffer. Då bønhøyrde Herren landet. Og då stana sotti som hadde herja Israel.
Copyright information for NorSMB