2 Samuel 5

Då kom alle Israels ætter til David i Hebron, og tala soleis: «Du veit me og du er same folket. Alt lenge sidan, med Saul var kongen vår, so var du føraren for Israel. Og med deg hev Herren sagt: «Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt! du skal vera fyrste yver Israel!»» Då alle dei øvste i Israel var komne til Hebron, til kongen, gjorde kong David samband med deim i Hebron for Herrens åsyn. Og dei salva David til konge yver Israel. Tretti år var David då han vart konge. Og han var konge i fyrti år. I Hebron var han konge yver Juda i sju år og seks månader. I Jerusalem var han konge i tri og tretti år yver heile Israel og Juda. Kongen drog upp til Jerusalem med heren sin mot jebusitarne, som budde der i landet. Dei sagde då til David: «Hit inn vinn du ikkje koma! Jamvel blinde og lame folk kann driva deg burt berre med dei ordi: Hit kjem David ikkje!» David tok like vel Sionsborgi. Den borgi vart Davidsbyen. David gav den dagsordren: «Kvar ein som slær jebusitarne, lat honom ganga upp til vatsleidingi, og slå desse blinde og lame som ber David imot!» Difor plar dei segja: «Blind og lam kjem ikkje inn i huset.» David tok bustad der på borgi og kalla henne Davidsbyen. David bygde byen rundt ikring frå Millo og innetter. 10 Davids velde auka stødt og stendigt. Og Herren, allhers Gud, var med honom. 11 Kong Hiram i Tyrus sende folk til David med cedertre og timbremenner og steinhoggarar. Dei bygde eit hus for David. 12 Og David skyna at Herren hadde grunnfest kongedømet hans yver Israel, og lyft kongedømet hans upp til æra for Israel, folket sitt, skuld. 13 David tok seg endå fleire fylgjekonor og konor frå Jerusalem, etter han var komen dit frå Hebron. Og David fekk endå fleire søner og døtter. 14 Dei sønerne han fekk i Jerusalem heitte: Sammua, Sobab, Natan, Salomo, 15 Jibhar, Elisua, Nefeg, Jafia, 16 Elisama, Eljada og Elifelet. 17 Då filistarane frette at David var salva til konge yver Israel, drog alle filistarane upp og søkte åt honom. Då David spurde det, drog han ned til borgi. 18 Filistarane kom og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen. 19 Då gjorde David det spursmålet til Herren: «Skal eg draga upp mot filistarane? Vil du gjeva deim i mi hand?» Herren svara David: «Drag upp, eg vil gjeva filistarane i di hand.» 20 David kom til Ba’al-Perasim. Og der vann David yver deim. Då sagde han: «Herren hev brote igjenom uvenerne mine, liksom vatn bryt igjenom.» Det er difor staden hev fenge namnet Ba’al-Perasim. 21 Dei let etter seg gudebilæti sine, og David og folki hans tok deim. 22 Endå ein gong drog filistarane upp og spreidde seg utyver i Refa’imsdalen. 23 Då David spurde Herren, svara han: «Drag ikkje mot deim! Kringset deim attanfrå, so du fell yver deim frå den staden der bakatrei stend. 24 So snart du høyrer ljoden av stig i topparne på bakatrei, so må du springa fram. For då dreg Herren ut framfyre deg og vinn yver filistarheren!» 25 David gjorde som Herren baud; og han slo filistarane og forfylgde deim frå Geba heilt fram til Gezer.
Copyright information for NorSMB