2 Samuel 7

Ein gong kongen sat i huset sitt, og Herren hadde unnt honom fred for alle uvenerne sine rundt ikring, so sagde han med profeten Natan: «Sjå her bur eg i eit hus av cedertre; men Guds kista bur i eit tjeld.» Natan svara kongen: «Gjer du alt det du finn fyre! For Herren er med deg!» Men natti etterpå kom Herrens ord til Natan soleis: «Gakk av stad og seg med David, tenaren min: «So segjer Herren: Etlar du byggja hus der eg skal bu? Eg hev då ikkje butt i noko hus heilt frå den tid eg førde Israels-borni upp frå Egyptarland alt til i dag, men hev flutt rundt i eit tjeld og i ei bud. All den tidi eg flutte rundt med Israels-borni - hev eg noko sinn nemnt eit einaste ord um det med nokon av domarane i Israel som eg bad vakta Israel, folket mitt, og sagt: «Kvifor byggjer de ikkje eit hus av cedertre åt meg?»» Og no skal du segja so med David, tenaren min: «So segjer Herren, allhers drott: Eg henta deg frå beitemarki der du fylgde småfeet, og sette deg til fyrste yver Israel, folket mitt; eg var med deg på alle dine vegar, eg rudde ut alle dine uvener; og eg vil gjeva deg eit namn so stort som dei største på jordi; 10 og Israel, folket mitt, gjev eg ein bustad; der set eg deim ned, der skal dei få bu og aldri verta uroa meir; og aldri skal nidingar kua deim meir, so som i gamle dagar, 11 då eg sette domarar yver Israel, folket mitt; eg gjev deg fred for alle dine uvener. Og Herren forkynner deg at Herren vil byggja hus åt deg. 12 Når æva di er all, og du fær kvila hjå dine feder, so vil eg reisa upp avkjømet ditt som kjem etter deg og gjeng ut frå deg; hans kongedøme vil eg grunnfesta. 13 Han skal byggja hus åt meg, hans kongsstol vil eg grunnfesta til æveleg tid. 14 Eg vil vera far for honom, han skal vera son min: gjer han noko gale, so vil eg refsa honom med manneris, med ulukkar som manneborn kann røyna; 15 men mi miskunn skal aldri vika frå honom, so som ho veik frå Saul, då eg let honom vika undan for deg. 16 Stød skal ætti di standa, traust og trygt ditt kongedøme i all æva for di åsyn; ja stødug skal din kongsstol standa i all æva.»» 17 Natan tala alle desse ordi til David og sagde honom heile denne syni. 18 Då gjekk kong David inn og sette seg ned framfor Herrens åsyn og sagde: «Kven er eg, Herre, Herre! og kva er huset mitt, at du hev ført meg hit? 19 Og endå er det for lite i dine augo, Herre, Herre! Du gjev meg lovnader um huset åt tenaren din langt fram i tidi. På mannevis talar du um dette, Herre, Herre! 20 Kva hev no David meir å mæla med deg? Du kjenner tenaren din, Herre, Herre! 21 For ditt ord skuld, og etter eigen hug, gjer du alt dette og kunngjer dette underverk for tenaren din. 22 Difor er du stor, du Herre Gud. Ingen er som du! Forutan deg er det ingen Gud, etter alt me hev høyrt gjete med øyro våre. 23 Kvar finst på jordi noko folk maken til folket ditt, til Israel, som Gud sjølv gjekk av og løyste til sin eigen lyd, til eit frægdarnamn åt seg og gjorde so store gjerningar for dykk og agelege verk med landet ditt, for folket ditt, det som du sjølv løyste ut åt deg frå Egyptarland, frå heidningefolk og deira gudar. 24 Israels-folket hev du grunnfest til ditt folk i all æva. Du, Herre, vart deira Gud!» 25 So lat no lovnaden din, Herre Gud, um tenaren din og huset hans få standa stødt i alder og i æva! Gjer som du hev sagt! 26 Då skal namnet ditt verta stort i all æva og lyda so: «Herren, allhers drott, er Gud yver Israel.» Og huset åt din tenar David skal standa stødt for di åsyn. 27 Du, Herre, allhers drott, Israels Gud! Sjølv hev du kunngjort for tenaren din: «Eg byggjar hus åt deg.» Difor hev tenaren din teke seg mod til å bera denne bøni fram for deg. 28 Og no, Herre, Herre! Du er Gud, og dine ord er sætande, og du hev lova tenaren din alt dette gode. 29 So gjer no vel, velsigna huset mitt so det må standa i all æva for di åsyn! Ja, du hev sagt det, Herre, Herre! Med di velsigning skal huset åt tenaren velsignast til æveleg tid.
Copyright information for NorSMB