2 Samuel 9

David spurte: «Finst det endå att nokon av Sauls hus? Eg vil gjera sælebot mot honom for Jonatans skuld.» Sauls hus åtte ein tenar, Siba heitte han; honom kalla dei til David. Kongen spurde honom: «Er du Siba?» Han svara: «Ja, tenaren din er det.» Kongen spurde: «Finst det endå att nokon av Sauls hus, som eg kann gjera Guds sælebot mot?» Siba svara kongen: «Det finst endå att ein son åt Jonatan, han er lam på båe føterne.» Kongen spurde: «Kvar er han?» Siba svara: «Han held seg no hjå Makir Ammielsson i Lo-Debar.» Kong David sende då bod og henta honom frå Lo-Debar, frå heimen åt Makir Ammielsson. Då Mefiboset, son åt Jonatan Saulsson, kom til David, fall han å gruve og bøygde seg. David sagde: «Mefiboset!» Han svara: «Ja, her er tenaren din.» David trøysta honom: «Ver hugheil; eg vil gjera sælebot mot deg for skuld Jonatan, far din. Eg gjev deg att all jordeigedomen åt Saul, farfar din. Og du skal allstødt eta ved mitt bord.» Då bøygde han seg og sagde: «Kva er eg, tenaren din, at du vendar deg til ein daud hund som meg?» Kongen kalla på Siba, sveinen åt Saul, og gav honom det bodet: «Alt det Saul og ætti hans åtte, gjev eg åt son til herren din. 10 Du og sønerne dine og tenarane dine skal dyrka og hausta eigedomen hans; og det skal vera til kost og tæring levemåte åt son til herren din. Men sjølv skal Mefiboset, son åt herren din, stødt eta ved mitt bord.» Siba hadde femtan søner og tjuge tenarar. 11 Han svara kongen: «Alt det du, herre konge, byd tenaren din, det skal tenaren din gjera.» «Og Mefiboset skal eta ved mitt bord som ein av kongssønerne.» 12 Mefiboset hadde ein liten son, Mika heitte han. Alle som budde i huset åt Siba, vart tenarar for Mefiboset. 13 Men sjølv budde Mefiboset i Jerusalem, då han stødt åt ved kongens bord. Han var lam på båe føterne.
Copyright information for NorSMB