2 Thessalonians 2

Me bed dykk, brør, vedkomande vår Herre Jesu Kristi tilkoma og vår sameining med honom, at de ikkje so snart må lata dykk villa burt frå vitet eller skræma, korkje ved nokor ånd eller ved nokon tale eller ved noko brev, liksom det skulde vera frå oss, som um Herrens dag alt stod for døri. Lat ingen dåra dykk på nokon måte! for fyrst lyt fråfallet koma og syndmenneskjet verta openberra, fortapingssonen, han som set seg imot og upphøgjer seg yver alt som heiter Gud eller heilagdom, so han set seg i Guds tempel og gjev seg sjølv ut for å vera Gud. Minnest de ikkje at eg sagde dykk dette medan eg endå var hjå dykk? Og no veit de kva som held att, so han fyrst skal verta openberra i si tid. For løyndomen i lovløysa er alt verksam, berre at den som no held att, vert rudd undan; og då skal den lovlause verta openberra, han som Herren Jesus skal tyna med sin munns ande og gjera til inkjes ved openberringi i si tilkoma. Og hans tilkoma gjeng fyre seg etter Satans kraftige verknad med all kraft og teikn og under av lygni, 10 og med all dåring av urettferdi for deim som vert fortapte, av di dei ikkje tok imot kjærleik til sanningi, so dei kunde verta frelste. 11 Og difor sender Gud deim kraftig villfaring, so dei trur lygni, 12 so alle dei skal verta dømde, som ikkje hev havt tru til sanningi, men havt hugnad i urettferdi. 13 Men me er skuldige til å takka Gud alltid for dykk, brør, som er elska av Herren, for di Gud frå upphavet tok dykk ut til frelsa ved helging av Anden og tru på sanningi, 14 som han kalla dykk til ved vårt evangelium, til å vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom. 15 Difor, brør, stat traust og hald fast ved dei lærdomar som de hev lært anten ved vår tale eller ved brev frå oss! 16 Men han vår Herre Jesus Kristus, og Gud, vår Fader, som elska oss og gav oss ei æveleg trøyst og ei god von i nåde, 17 han trøyste dykkar hjarto og styrkje dykk i all god gjerning og tale!
Copyright information for NorSMB