2 Timothy 1

Paulus, ved Guds vilje Kristi Jesu apostel til å forkynna lovnaden um livet i Kristus Jesus, til Timoteus, min kjære son: Nåde, miskunn, fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår Herre! Eg takkar Gud, som eg alt frå forfederne tener i eit reint samvit, liksom eg uavlatande kjem deg i hug i mine bøner natt og dag, og når eg hugsar dine tåror, lengtar eg etter å sjå deg, so eg kann verta fyllt med gleda, då eg er mint um den skrymtlause trui som er i deg, den som fyrst budde i Lois, mormor di, og i Eunike, mor di, og som eg er viss på bur i deg og. Difor minner eg deg um å kveikja upp att den Guds nådegåva som er i deg ved mi handpåleggjing. For Gud gav oss ikkje ei ande som verkar modløysa, men ein som verkar kraft og kjærleik og umtanke. Skjemmast difor ikkje ved vår Herres vitnemål eller ved meg, hans fange, men lid vondt med meg for evangeliet i Guds kraft! han som frelste oss og kalla oss med eit heilagt kall, ikkje etter våre gjerningar, men etter si eigi rådgjerd og den nåden som er oss gjeven i Kristus Jesus frå ævelege tider, 10 men no er openberra ved vår frelsar Jesu Kristi openberring, han som gjorde dauden til inkjes og førde liv og uforgjengelegdom fram for ljoset ved evangeliet; 11 og for det vart eg sett til forkynnar og apostel og lærar for heidningar. 12 Difor lid eg og dette, men eg skjemmest ikkje ved det; for eg veit kven eg hev sett mi tru til, og eg er viss på at han er megtig til å taka vare på det som er yvergjeve til meg, til hin dagen. 13 Hav til fyredøme dei heilsame ordi som du høyrde av meg, i tru og kjærleik i Kristus Jesus! 14 Tak vare på den fagre skatt som er yvergjeven til deg, ved den Heilage Ande, som bur i oss! 15 Du veit dette, at alle dei i Asia vende seg frå meg, og millom dei er Fygelus og Hermogenes. 16 Herren vise miskunn mot Onesiforus’ hus! for han hugga meg ofte og skjemdest ikkje ved mine lekkjor. 17 Men då han var komen til Rom, leita han med stor umak etter meg og fann meg. 18 Herren gjeve at han må finna miskunn hjå Herren på hin dagen! Og kor mykje han tente meg i Efesus, det veit du best.
Copyright information for NorSMB