2 Timothy 2

So vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus! Og det som du hev høyrt av meg i nærvære av mange vitne, gjev det yver til trufaste menneskje, som er duglege til ogso å læra andre! Lid vondt med meg som ein god Kristi Jesu stridsmann! Ingen som gjer hertenesta, fløkjer seg inn i livsens syslor, so han kann tekkjast herføraren. Men um ein og strider i tevling, so fær han då ikkje kransen dersom han ikkje strider retteleg. Den bonde som arbeider, skal fyrst njota frukterne. Skyna det som eg segjer! for Herren skal gjeva deg skyn på alt. Kom Jesus Kristus i hug, som er uppvekt frå dei daude, av Davids ætt, etter mitt evangelium, det som eg lid vondt for like til dette å vera bunden som ein illgjerdsmann; men Guds ord er ikkje bunde. 10 Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom. 11 Det er eit sant ord; for er me daude med honom, skal me og leva med honom; 12 held me ut, skal me og styra med honom; forneittar me, skal han og forneitta oss; 13 er me trulause, so er han trufast; seg sjølv kann han ikkje forneitta. 14 Minn um dette, med di du vitnar for Herrens åsyn, at dei ikkje må liggja i ordstrid, som ikkje er til noko gagn, men til undergang for dei som høyrer på! 15 Legg vinn på å framstella deg sjølv som sannrøynd for Gud, ein arbeidar som ikkje tarv skjemmast, med di du lærer sannings-ordet retteleg! 16 Men haldt deg frå det vanheilage tome svall! for dei gjeng alltid lenger i gudløysa, 17 og ordi deira kjem til å eta um seg som daudkjøt; millom deim er Hymenæus og Filetus, 18 som hev fare vilt frå sanningi, med di dei segjer at uppstoda alt hev vore, og dei riv ned trui hjå sume. 19 Men Guds faste grunnvoll stend og hev dette innsigle: «Herren kjenner sine,» og: «Kvar den som nemner Herrens namn, skal vika frå urettferd.» 20 Men i eit stort hus er det ikkje berre kjerald av gull og sylv, men og av tre og leir, og nokre til æra, andre til vanæra. 21 Um nokon då held seg rein frå desse, so skal han vera eit kjerald til æra, helga og nytlegt for husbonden, tilreidt til all god gjerning. 22 Men fly frå dei ungdomslege lyster, og trå etter rettferd, tru, kjærleik, fred med deim som påkallar Herren av eit reint hjarta! 23 Og vis ifrå deg dei dårlege og fåvise stridsspursmål, då du veit at dei føder strid! 24 Men ein Herrens tenar må ikkje strida, men vera mild imot alle, dugleg til å læra frå seg, viljug til å tola vondt, 25 so han med spaklynde tuktar dei som segjer imot, um Gud då ein gong vilde gjeva deim umvending, so dei kunde kjenna sanningi, 26 og vakna or ruset i djevelens snara, han som dei er fanga av til å gjera hans vilje.
Copyright information for NorSMB