2 Timothy 3

Men dette skal du vita, at i dei siste dagar skal det koma vande tider. For folk skal vera sjølvkjære, pengekjære, storordige, stormodige, spottsame, ulyduge mot foreldre, utakksame, vanheilage, ukjærlege, upålitande, baktalande, umåtelege, umilde, utan kjærleik til det gode, svikefulle, framfuse, ovmodige, slike som elskar lysterne sine meir enn Gud, som hev skin av gudlegdom, men forneittar hans kraft. Vend deg frå desse! For til deim høyrer dei som snikjer seg inn i husi og fangar kvinnfolk som er tyngde med synder og vert drivne av mangeslag lyster og alltid lærer og aldri kann koma til å kjenna sanningi. Som Jannes og Jambres stod imot Moses, so stend dei og imot sanningi, menneskje som er øydelagde i hugen, duglause i trui. Men dei skal ikkje koma lenger; for deira fåvit skal verta audsynt for alle, liksom det og vart med hine. 10 Men du hev fylgt etter mi læra, mi ferd, mitt forset, mi tru, mitt langmod, min kjærleik, mitt tolmod, 11 mine forfylgjingar, mine lidingar, slike som møtte meg i Antiokia, i Ikonium, i Lystra; slike forfylgjingar hev eg halde ut, og Herren hev fria meg ut or deim alle. 12 Og alle som vil liva gudleg i Kristus Jesus, skal verta forfylgde. 13 Men vonde menneskje og slike som kverver syni på folk, gjeng fram til det som er verre, med di dei fører vilt og fer vilt. 14 Men du, vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um, då du veit kven du hev lært det av, 15 og då du alt frå barndomen kjenner dei heilage skrifter som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus. 16 Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd, 17 so gudsmannen kann verta fullkomen, dugleg til all god gjerning.
Copyright information for NorSMB