Acts 1

Den fyrste boki skreiv eg, Teofilus, um alt det som Jesus tok til med både å gjera og læra, alt til den dagen då han vart uppteken, etter at han ved den Heilage Ande hadde gjeve sine bod til apostlarne som han hadde valt seg ut, deim som han og steig livande fram for med mange yvertydande teikn, etter han hadde lide, med di han i fyrti dagar synte seg for deim og tala um det som høyrer til Guds rike. Og då han var saman med deim, baud han deim at dei ikkje skulde vika frå Jerusalem, men venta på det som Faderen hadde lova, «som de,» sagde han, «hev høyrt av meg. For Johannes døypte med vatn, men de skal verta døypte med den Heilage Ande um ikkje mange dagar.» Då dei no var saman, spurde dei honom og sagde: «Herre, reiser du på den tidi riket upp att for Israel?» Han sagde til deim: «Det er ikkje dykkar sak å vita tid eller stund som Faderen hev sett i si eigi magt. Men de skal få kraft når den Heilage Ande kjem yver dykk; og de skal vera mine vitne i Jerusalem og i heile Judæa og Samaria og til ytste enden av jordi.» Og då han hadde sagt dette, for han upp so dei såg på; og ei sky tok honom burt for augo deira. 10 Og som dei no stod og stirde mot himmelen då han for burt, sjå, då stod det tvo menner hjå deim i kvite klæde, 11 og dei sagde: «Menner frå Galilæa, kvi stend de og ser upp mot himmelen? Denne Jesus som er teken upp frå dykk til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg honom fara til himmels.» 12 Då vende dei um til Jerusalem frå det berget som er kalla Oljeberget, og som er nær Jerusalem, ein kviledagsveg derifrå. 13 Og då dei kom inn der, gjekk dei upp på salen der dei heldt til - både Peter og Johannes og Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomæus og Mattæus, Jakob, Alfæus’ son, og Simon Selotes og Judas, Jakobs bror. 14 Alle desse heldt samstendige ved i bøn saman med nokre kvinnor og Maria, Jesu mor, og brørne hans. 15 Og i dei dagarne stod Peter upp midt imillom læresveinarne - og der var ein hop saman på umkring hundrad og tjuge - og han sagde: 16 «Brør! Det laut verta uppfyllt det skriftordet som den Heilage Ande fyreåt tala gjenom Davids munn um Judas, som vart vegvisar for deim som greip Jesus; 17 for han var rekna med millom oss og fekk lut i denne tenesta. 18 Han kjøpte seg då ein åker av løni for si ugjerning, og då han stupte ned, og sprakk han midt i tvo, og all innvolen i honom valt ut. 19 Og det vart kunnigt for alle deim som bur i Jerusalem, so at den åkeren på deira mål fekk namnet Hakeldama, det er: Blodåkeren; 20 for det stend skrive i Salmeboki: «Hans bustad verte øydd, og ingen mann bu der,» og: «Ein annan take hans embætte!» 21 Difor må ein av dei menner som hev vore med oss heile tidi då Herren Jesus gjekk inn og ut millom oss, 22 alt frå Johannes-dåpen til den dagen han vart uppteken frå oss - ein av desse må verta vitne saman med oss um hans uppstoda.» 23 Og dei stelte fram tvo: Josef som vart kalla Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias. 24 Og dei bad og sagde: «Herre, du som kjenner hjarto i alle, syn oss den som du hev valt ut av desse tvo 25 til å få lut i denne tenesta og apostelgjerning som Judas gjekk burt ifrå til å fara til sin egen stad!» 26 Og dei kasta lut millom deim, og luten fall på Mattias, og han vart rekna saman med dei elleve apostlarne.
Copyright information for NorSMB