Acts 10

Det var ein mann i Cæsaræa med namnet Kornelius, ein hovudsmann ved den herflokken som vart kalla den italiske; han var ein gudleg mann, som med heile sitt hus ottast Gud og gav mange sælebotsgåvor til folket og bad alltid til Gud. Han såg klårt i ei syn ved den niande timen på dagen ein Guds engel som kom inn til honom og sagde til honom: «Kornelius!» Men han stirde på honom og vart rædd og sagde: «Kva er det, Herre?» Han svara honom: «Dine bøner og sælebotsgåvor hev stige upp til ei minning for Gud. Og no, send folk til Joppe og henta hit Simon, som vert kalla med tilnamnet Peter! Han bur hjå ein som heiter Simon, ein garvar, som hev eit hus ved havet.» Då engelen som tala til Kornelius, gjekk burt, kalla han til seg tvo av tenarane sine og ein gudleg hermann av deim som alltid var hjå honom, og han fortalde deim alt saman og sende deim av til Joppe. Andre dagen, då dei var på vegen og kom nær til byen, steig Peter uppå taket og vilde beda - umkring den sette timen. 10 Han vart då hungrig og vilde få seg mat. Medan dei laga maten til, kom der på honom ei burtrykning, 11 og han ser himmelen opna, og det for eitkvart ned til honom, liksom ein stor linduk, som vart laten ned på jordi etter dei fire hyrno; 12 og der var det alle slag firføtte dyr på jordi og krjupande dyr og himmelens fuglar. 13 Og det kom ei røyst til honom: «Statt upp, Peter, slagta og et!» 14 Men Peter sagde: «På ingen måte, Herre! for aldri hev eg ete noko vanheilagt eller ureint!» 15 Og røysti kom på nytt andre gongen til honom: «Det som Gud hev reinsa, må ikkje du halda for ureint!» 16 Dette hende tri gonger; og straks vart det teke upp att til himmelen. 17 Medan Peter var reint rådvill um kva den syni skulde tyda som han hadde set, sjå, då stod dei utanfor porten, dei mennerne som var utsende frå Kornelius og hadde spurt upp Simons hus, 18 og dei ropa inn og spurde um Simon som var kalla med tilnamnet Peter, budde der. 19 Medan so Peter grunda på syni, sagde Anden til honom: «Sjå, tri menner leitar etter deg. 20 Statt upp, gakk ned og fylg med deim utan tviking! for eg hev sendt deim.» 21 Peter gjekk ned til mennerne som var sende til honom frå Kornelius, og sagde: «Sjå, eg er den som de leitar etter; kva ærend hev de her?» 22 Dei sagde: «Kornelius, ein hovudsmann, ein rettferdig og gudleg mann, som hev godt lov av heile jødefolket, hev fenge det bodet ved ein heilag engel, at han skulde henta deg til sitt hus og høyra kva du hev å segja.» 23 Han bad deim då inn og gav deim herbyrge. Og dagen etter stod han upp og gjekk av stad saman med deim, og nokre av brørne frå Joppe fylgde med honom. 24 Dagen etter kom dei til Cæsarea og Kornelius venta deim og hadde bede saman sine frendar og næmaste vener. 25 Då det no bar til at Peter gjekk inn, kom Kornelius imot honom, fall ned for føterne hans og tilbad. 26 Men Peter reiste honom upp og sagde: «Statt upp! eg er og eit menneskje!» 27 Og med di han samtala med honom, gjekk han inn og fann mange som var komne saman. 28 Og han sagde til deim: «De veit kor uløyvelegt det er for ein jøde å hava samlag med nokon av eit anna folk eller å ganga inn til honom. Men meg hev Gud vist at eg ikkje må kalla noko menneskje vanheilagt eller ureint. 29 Difor kom eg og utan motmæle då eg fekk bod. Eg spør då kvifor de hev sendt bod etter meg.» 30 Då sagde Kornelius: «For fire dagar sidan, det var som no ved den niande timen, bad eg i mitt hus, og sjå, ein mann stod framfyre meg i skinande klædnad; 31 og han sagde: «Kornelius, di bøn er høyrd, og dine sælebotsgåvor er ihugkomne for Guds åsyn. 32 Send difor bod til Joppe og kalla til deg Simon, som vert kalla med tilnamnet Peter! han bur i huset hjå Simon garvar ved havet; han skal tala til deg når han kjem.» 33 Difor sende eg straks bod til deg; og du gjorde vel at du kom. No er me då alle til stadar for Guds åsyn for å høyra alt det som er pålagt deg av Gud.» 34 Men Peter let upp sin munn og sagde: «Eg skynar i sanning at Gud ikkje gjer skil på folk; 35 men millom alle folk tek han imot den som ottast honom og gjer rettferd. 36 Det ordet han sende ut til Israels-borni, då han forkynte evangeliet um fred ved Jesus Kristus - han er Herre yver alle - det kjenner de, 37 det ordet som gjekk ut yver heile Judæa, med upphav frå Galilæa etter den dåp som Johannes forkynte, 38 det um Jesus frå Nasaret, korleis Gud salva honom med den Heilage Ande og kraft, han som gjekk ikring og gjorde vel og lækte alle deim som var yvervalda av djevelen; for Gud var med honom. 39 Og me er vitne um alt det han gjorde både i Jødeland og i Jerusalem, han som dei slo i hel, med di dei hengde honom på eit tre. 40 Honom reiste Gud upp den tridje dagen og let honom få syna seg, 41 ikkje for alt folket, men for dei vitne som fyrr var utvalde av Gud, for oss som åt og drakk med honom, etter han var uppstaden frå dei daude. 42 Og han baud oss å forkynna for folket og vitna at han er den som Gud hev sett til domar yver livande og daude. 43 Um honom vitnar alle profetarne, at kvar den som trur på honom, skal få forlating for synderne ved hans namn.» 44 Medan Peter endå tala desse ordi, fall den Heilage Ande på alle deim som høyrde ordet. 45 Og alle dei truande av umskjeringi som var komne med Peter, vart forfærde yver at den Heilage Ande vart gjeven og utrend ogso yver heidningarne; 46 for dei høyrde deim tala med tungor og storleg lova Gud. 47 Då svara Peter: «Kann vel nokon meinka vatnet, at ikkje desse må verta døypte, som hev fenge den Heilage Ande liksom me?» 48 Og han baud at dei skulde verta døypte i Jesu Kristi namn. Og dei bad honom drygja der nokre dagar.
Copyright information for NorSMB