Acts 11

Apostlarne og brørne som var i Judæa, høyrde at heidningarne og hadde teke imot Guds ord. Og då Peter kom upp til Jerusalem, klandra dei av umskjeringi på honom og sagde: «Du gjekk inn til menner som ikkje er umskorne, og åt i lag med deim.» Men Peter tok til og greidde det ut for deim i samanheng og sagde. «Eg var i byen Joppe og bad; då såg eg i burtrykning ei syn: det dala ned eitkvart, liksom ein stor linduk, som vart laten ned frå himmelen etter dei fire hyrno og kom like til meg. Då eg stirde på det, vart eg var og såg dei firføtte dyr på jordi og ville dyr og krjupande dyr og himmelens fuglar. Og eg høyrde ei røyst som sagde til meg: «Statt upp, Peter, slagta og et!» Men eg sagde: «På ingen måte, Herre! for noko vanheilagt eller ureint kom aldri i min munn.» Men røysti svara meg andre gongen frå himmelen: «Det som Gud hev reinsa, må ikkje du halda for ureint!» 10 Dette hende seg tri gonger, og det vart alt saman drege upp i himmelen att. 11 Og sjå, i same stundi stod det utanfor huset der eg var, tri menner, som var sende til meg frå Cæsarea. 12 Og Anden sagde til meg at eg skulde fylgja med deim utan tviking. Men desse seks brørne gjekk og med meg, og me kom inn huset til mannen. 13 Og han fortalde han oss korleis han hadde set engelen som stod i hans hus og sagde til honom: «Send bod til Joppe og henta Simon, som vert kalla med tilnamnet Peter! 14 han skal tala ord til deg som du skal verta frelst ved, du og heile ditt hus.» 15 Men då eg tok til å tala, fall den Heilage Ande på deim, liksom på oss i fyrstningi. 16 Då kom eg Herrens ord i hug, at han sagde: «Johannes døypte med vatn; men de skal verta døypte med den Heilage Ande.» 17 Når då Gud hev gjeve deim same gåva som oss, då dei kom til trui på Herren Jesus Kristus, kven var då eg, at eg skulde vera megtig til å hindra Gud?» 18 Men då dei høyrde dette, gav dei seg til ro og lova Gud og sagde: «So hev då Gud ogso gjeve heidningarne umvendingi til livet!» 19 Dei som no var spreidde ved den trengsla som kom upp for Stefanus skuld, dei gjekk ikring radt til Fønikia og Kypern og Antiokia, men tala ikkje ordet til nokon utan berre til jødar. 20 Men det var millom deim nokre menner frå Kypern og Kyrene, som kom til Antiokia og tala til grækarane og forkynte evangeliet um Herren Jesus. 21 Og Herrens hand var med deim, og eit stort tal kom til trui og umvende seg til Herren. 22 Denne tidend kom då kyrkjelyden i Jerusalem for øyro, og dei sende Barnabas ut til å fara til Antiokia. 23 Då han kom dit og såg Guds nåde, gledde han seg og tilstyrkte deim alle til å halda fast ved Herren med hjartans fyreset; 24 for han var ein god mann og full av den Heilage Ande og tru. Og mykje folk vart ført til Herren. 25 Han for då ut til Tarsus for å leita etter Saulus; og då han fann honom, førde han honom med til Antiokia. 26 Men det hende seg, at dei var saman eit heilt år hjå kyrkjelyden og lærde mykje folk, og i Antiokia vart læresveinarne fyrst kalla kristne. 27 I dei dagarne kom det nokre profetar ned frå Jerusalem til Antiokia. 28 Og ein av deim med namnet Agabus stod fram og kunngjorde ved Anden, at det skulde koma ein stor hunger yver heile mannheimen, og han kom ogso under keisar Klaudius. 29 Læresveinarne sette seg då fyre å senda noko, etter som kvar av deim hadde råd, til hjelp for dei brørne som budde i Judæa. 30 Det gjorde dei ogso, og dei sende det til dei eldste gjenom Barnabas og Saulus.
Copyright information for NorSMB