Acts 16

Og han kom til Derbe og Lystra. Og sjå, der var det ein læresvein med namnet Timoteus, son åt ei truande jødisk kvinna og ein græsk far. Han hadde godt lov av brørne i Lystra og Ikonium. Honom vilde Paulus hava i fylgje med seg på ferdi, og han tok og umskar honom for dei jødar skuld som var på dei staderne, for dei visste alle at far hans var grækar. Som dei då drog gjenom byarne, pålagde dei deim å halda dei bodi som var vedtekne av apostlarne og dei eldste i Jerusalem. So vart då kyrkjelydarne styrkte i trui og voks i tal med kvar dag. So for dei gjenom Frygia og det galatiske land, for den Heilage Ande hindra deim frå å tala ordet i Asia, og då dei kom burtimot Mysia, freista dei å fara til Bitynia; og Jesu Ande gav deim ikkje lov. So for dei utanum Mysia og drog ned til Troas. Og um natti viste det seg ei syn for Paulus; det stod ein mann frå Makedonia og bad honom og sagde: «Kom yver til Makedonia og hjelp oss!» 10 Då han hadde set syni, søkte me straks å koma yver til Makedonia, sidan me kunde skyna at Herren hadde kalla oss til å forkynna evangeliet for deim. 11 Me lagde so ut frå Troas og siglde beint yver til Samotrake og dagen etter til Neapolis, 12 og derifrå til Filippi, som er den fyrste byen i den luten av Makedonia og ein romersk koloni. I den byen drygde me nokre dagar. 13 På kviledagen gjekk me utanfor porten til ei elv, der dei hadde for vis å samlast til bøn, og me sette oss der og tala til dei kvinnor som der var komne saman. 14 Og ei kvinna med namnet Lydia, som dreiv purpurhandel, frå byen Tyatira, ei som dyrka Gud etter jødetrui, ho høyrde på, og Herren let upp hjarta hennar, so ho gav gaum etter det som Paulus tala. 15 Då ho og hennar hus var døypte, bad ho oss og sagde: «So sant de held meg for å vera ei som trur på Herren, so kom inn i mitt hus og ver der!» Og ho nøydde oss. 16 Men det hende seg, ein gong då me drog ut til bønestaden, at det møtte oss ei trælkvinna som hadde ei spådomsånd og var herrarne sine til stor vinning med å spå. 17 Ho fylgde etter Paulus og oss og ropa og sagde: «Desse menneski er den høgste Guds tenarar, som forkynner dykk frelsevegen!» 18 Dette gjorde ho mange dagar. Men Paulus vart harm og vende seg og sagde til åndi: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn å fara ut or henne!» Og ho for ut or henne i same stundi. 19 Men då herrarne hennar såg at deira von um vinning var spillt, tok dei fat på Paulus og Silas og drog deim med på torget til rettartinget, 20 og dei førde deim fram for styresmennerne og sagde: «Desse mennerne rører reint upp byen vår; dei er jødar 21 og forkynner seder som me ikkje hev lov til å taka imot eller liva etter, me som er romarar.» 22 Folket reiste seg og imot deim, og styresmennerne reiv klædi av deim, og let deim hudflengjast, 23 Og då dei hadde slege deim mange slag, kasta dei deim i fengsel og pålagde fangevaktaren å taka vel vare på deim. 24 Då han hadde fengje det pålegget, kasta han deim i det inste fangeromet og sette føterne deira fast i stokken. 25 Men umkring midnatt heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangarne lydde på deim. 26 Då kom det brått ein stor jordskjelv, so at grunnvollen i fengslet skalv, og straks sprang alle dører upp, og lekkjorne losna av deim alle. 27 Fangevaktaren for upp or svevnen, og då han såg dørerne i fengslet opna, drog han sverdet og vilde drepa seg, for han trudde at fangarne hadde rømt. 28 Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! me er her alle saman.» 29 Han bad då um ljos og sprang inn, og han fall skjelvande ned for Paulus og Silas. 30 Og han førde deim ut og sagde: «Herrar, kva skal eg gjera for å verta frelst?» 31 Dei svara: «Tru på Herren Jesus, so skal du verta frelst, du og ditt hus.» 32 Og dei tala Herrens ord til honom og til alle i hans hus. 33 So tok han deim til seg i same timen um natti og vaska deim etter slagi, og han vart straks døypt, han sjølv og alle hans. 34 Og han førde deim upp i huset sitt, sette fram brød åt deim, og gledde seg for di han med heile sitt hus var komen til trui på Gud. 35 Då det so vart dag, sende styresmennerne sveinarne og sagde: «Lat mennerne lause!» 36 Fangevaktaren fortalde Paulus desse ordi: «Styresmennerne hev sendt bod at de skal sleppa lause; so gakk no ut og far i fred!» 37 Men Paulus sagde til deim: «Dei hev hudflengt oss openberrleg utan lov og dom, me som er romerske borgarar; og so hev dei kasta oss i fengsel, og no vil dei jaga oss burt i løyndom. Men nei; lat deim koma sjølve og føra oss ut!» 38 Sveinarne fortalde styresmennerne desse ordi. Og dei vart rædde, då dei høyrde at dei var romarar; 39 dei kom og tala vel med deim og førde deim ut og bad deim fara frå byen. 40 So gjekk dei ut or fengslet og gjekk inn til Lydia; og då dei hadde set brørne og gjeve deim påminningar, drog dei burt.
Copyright information for NorSMB