Acts 24

Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias ned med nokre av styresmennerne og ein talar, Tertullus; dei bar fram for landshovdingen klaga mot Paulus. Han vart då kalla fram, og Tertullus tok til å klaga honom og sagde: «Då me kann takka deg for mykjen fred, og det ved di umsut er gjort rettarbøter for dette folket i alle måtar og alle stader, so skynar me på dette, megtigaste Feliks, med all takksemd. Men at eg ikkje skal hefta deg for lenge, so bed eg at du med ditt godlynde vil høyra på oss som stuttast! For me hev funne at denne mannen er ein pest og ein uppøsar millom alle jødarne yver heile mannheimen og ein hovudmann for serflokken nasaræarane. Han hev endå søkt å vanhelga templet; og me greip honom då og vilde døma honom etter vår lov. Men Lysias, den øvste hovudsmannen, kom og førde honom burt frå våre hender med stort valdsverk, og han baud klagarane hans å koma til deg; og av honom kann du sjølv, når du ransakar det, få kunnskap um alt det som me klagar honom for.» Men jødarne sanna med og sagde at dette hadde seg soleis. 10 Men då landshovdingen nikka til honom, at han kunde få tala, so svara Paulus: «Då eg veit at du hev vore domar for dette folket i mange år, fører eg mitt forsvar med fritt mod; 11 for du kann vissa deg um at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg gjekk upp til Jerusalem og vilde tilbeda. 12 Og korkje i templet eller i synagogorne eller ikring i byen fann dei meg talande med nokon eller eggjande folk til upprør. 13 Og dei kann ikkje heller prova for deg dette som dei klagar meg for. 14 Men det sannar eg for deg, at etter den vegen som dei kallar ein serflokk, tener eg so min fedregud, at eg trur alt som er skrive i lovi og profetarne, 15 og hev den voni til Gud som desse og sjølve ventar, at det skal koma ei uppstoda av daude, både av rettferdige og urettferdige. 16 Difor legg eg sjølv vinn på alltid å hava eit uskadt samvit for Gud og menneskje. 17 Då mange år var lidne, kom eg hit og skulde gjeva mitt folk milde gåvor og ofra, 18 og dermed fann dei meg i templet, då eg hadde reinsa meg utan folkestim og utan uppstyr; men det var nokre jødar frå Asia, 19 og dei skulde koma fram for deg og klaga, um dei hadde noko å bera på meg. 20 Eller lat desse sjølve segja kva skuld dei fann hjå meg, då eg stod framfor rådet! 21 utan det skulde vera for dette eine ordet som eg ropa ut, då eg stod millom deim: «For uppstoda av daude stend eg i dag for retten millom dykk!»» 22 Men Feliks sette ut saki, då han visste betre um Guds veg, og han sagde: «Når Lysias, hovudsmannen, kjem her ned, skal eg prøva saki dykkar.» 23 Og han baud hovudsmannen halda honom i varetekt og lata honom hava ro og ikkje hindra nokon av hans eigne frå å vera honom til tenesta. 24 Då nokre dagar var farne, kom Feliks med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinna, og sende bod etter Paulus og høyrde honom um trui på Kristus. 25 Men då han tala um rettferd og fråhald og den komande dom, vart Feliks rædd og svara: «Gakk burt denne gongen! når eg fær gode stunder, skal eg kalla deg til meg att.» 26 Han hadde og den voni, at han skulde få pengar av Paulus; difor sende han og oftare bod etter honom og tala med honom. 27 Då tvo år var lidne, fekk Feliks til ettermann Porcius Festus; og då Feliks vilde vinna seg takk av jødarne, let han Paulus bunden etter seg.
Copyright information for NorSMB