Acts 8

Og Saulus samtykte i at dei drap honom. Men den dagen tok det til ei stor forfylgjing mot kyrkjelyden i Jerusalem, og dei vart spreidde ut yver Judæalandet og Samarialandet, alle so nær som apostlarne. Men nokre gudlege menner jorda Stefanus, og dei gret og jamra sårt etter honom. Men Saulus herja kyrkjelyden og gjekk inn i hus etter hus og drog fram menner og kvinnor og yvergav deim til fangehus. Men dei som var spreidde utyver, gjekk ikring og bar ut evangelie-ordet. Filip kom då ned til ein by i Samaria og forkynte Kristus for deim. Og folket gav samlyndt gaum etter det som vart sagt av Filip, med di dei høyrde og såg dei teikni som han gjorde. For or mange som hadde ureine ånder, for dei ut ropande med høg røyst, og mange lame og vanføre vart lækte. Og det vart stor gleda i den byen. Men det var ein mann med namnet Simon, som fyrr hadde fare med trolldom i byen og fjetra folket i Samaria, med di han sagde seg vera noko stort. 10 Og alle heldt seg til honom, både små og store, og sagde: «Han er Guds kraft som heiter stor.» 11 Men dei heldt seg til honom, av di han i lang tid hadde fjetra deim med trollkunster. 12 Men då dei no trudde Filip, som forkynte evangeliet um Guds rike og Jesu Kristi namn, so let dei seg døypa både menner og kvinnor. 13 Og Simon tok ved trui han og, og då han var døypt, heldt han seg til Filip, og då han såg dei teikn og store kraftige gjerningar som vart gjorde, vart han mest frå seg av undring. 14 Då apostlarne i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei til deim Peter og Johannes; 15 dei kom ned og bad for deim, at dei måtte få den Heilage Ande; 16 for endå var han ikkje fallen på nokon av deim, men dei var berre døypte til Herren Jesu namn. 17 Då lagde dei henderne på deim, og dei fekk den Heilage Ande. 18 Men då Simon såg at den Heilage Ande vart gjeven ved handpåleggjing av apostlarne, kom han til deim med pengar og sagde: 19 «Gjev meg og denne magt, at den som eg legg henderne på, må få den Heilage Ande!» 20 Men Peter sagde til honom: «Forbanna vere sylvet ditt saman med deg sjølv, for di du tenkte å kjøpa Guds gåva for pengar! 21 Du hev ikkje deil eller lut i dette ordet; for hjarta ditt er ikkje rett for Gud. 22 Vend difor um frå denne vondskapen din, og bed til Gud, um den tanken i hjarta ditt kunde verta deg forlaten! 23 For eg ser at du ligg i illskaps gall og urettferds band.» 24 Då svara Simon: «Bed de for meg til Herren, at ikkje noko må koma yver meg av det som de hev sagt!» 25 Då dei so hadde vitna og tala Herrens ord, vende dei um att til Jerusalem, og dei forkynte evangeliet i mange samaritanbyar. 26 Men ein Herrens engel tala til Filip og sagde: «Statt upp og gakk mot sud på den vegen som gjeng ned frå Jerusalem til Gaza!» Det er ein øydeveg. 27 Og han stod upp og gjekk; og sjå, der var ein mann frå Ætiopia, ein hirdmann, ein megtig herre hjå dronning Kandake i Ætiopia, ein som var sett yver heile skatten hennar; han var komen til Jerusalem for å tilbeda, 28 og han var no på heimvegen og sat på vogni si og las profeten Jesaja. 29 Men Anden sagde til Filip: «Gakk burtåt og haldt deg ved denne vogni!» 30 Men Filip sprang til og høyrde at han las profeten Jesaja, og han sagde: «Skynar du det du les?» 31 Men han sagde: «Korleis skulde eg kunna det, utan at nokon rettleider meg?» Og han bad Filip stiga upp og setja seg hjå honom. 32 Men det stykket av skrifti som han las, var dette: «Som ein sau vart han førd til slagting, og liksom eit lamb som er tagalt for den som klypper det, soleis let han ikkje upp sin munn. 33 I hans fornedring vart domen yver honom burtteken, og kven kann fortelja um hans ætt? for hans liv vert teke burt frå jordi.» 34 Men hirdmannen tok til ords og sagde til Filip: «Eg bed deg: kven segjer profeten dette um? um seg sjølv eller um nokon annan?» 35 Men Filip let upp munnen og gjekk ut ifrå dette skriftordet og forkynte honom evangeliet um Jesus. 36 Og som dei for frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn. Og hirdmannen sagde: «Sjå her er vatn, kva hindrar meg frå å verta døypt?» 37 Og Filip sagde: «Trur du av heile ditt hjarta, so er det tillate.» Men han svara og sagde: «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son.» 38 Og han let vogni stana; og dei steig båe tvo ned i vatnet, både Filip og hirdmannen, og han døypte honom. 39 Men då dei steig upp or vatnet, rykte Herrens Ande Filip burt, og hirdmannen såg honom ikkje meir; for han for glad sin veg. 40 Men Filip vart funnen i Asdod. Og han gjekk ikring og forkynte evangeliet i alle byarne, til han kom til Cæsaræa.
Copyright information for NorSMB