Acts 9

Men Saulus frøste endå av trugsmål og mord mot Herrens læresveinar, og han gjekk til øvstepresten og bad honom um brev til Damaskus, til synagogorne der, at um han fann nokre som høyrde «den vegen» til, både menner og kvinnor, han då kunde føra deim bundne til Jerusalem. Men då han drog fram og kom nær til Damaskus, lyste det brått eit ljos frå himmelen um honom. Og han fall ned på jordi og høyrde ei røyst som sagde til honom: «Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg?» Han sagde: «Kven er du, Herre?» Og han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer. Men statt upp og gakk inn i byen, so skal det verta sagt deg kva du hev å gjera.» Men dei menner som var i ferdalag med honom, stod forstøkte då dei høyrde røysti, men såg ingen. Saulus reiste seg då upp frå jordi; men då han opna augo, såg han ingen ting. Dei leidde honom då ved handi og førde honom inn i Damaskus. Og i tri dagar såg han ikkje, og ikkje åt eller drakk han. 10 Men det var ein læresvein i Damaskus med namnet Ananias, og til honom sagde Herren i ei syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre!» 11 Og Herren sagde til honom: «Statt upp og gakk til den gata, som er kalla den beine, og spør i Judas’ hus etter ein mann frå Tarsus, med namnet Saulus; for sjå, han bed, 12 og han hev i ei syn set ein mann med namnet Ananias, som kom og lagde handi på honom, so han skulde få syni att.» 13 Men Ananias svara: «Herre, eg hev høyrt av mange um denne mannen, kor mykje vondt han hev gjort mot dine heilage i Jerusalem. 14 Og her hev han fullmagt frå øvsteprestarne til å binda alle deim som kallar på ditt namn.» 15 Men Herren sagde til honom: «Gakk du! for han er meg ein utvald reidskap til å bera mitt namn fram for heidningar og kongar og Israels born. 16 For eg vil syna honom kor mykje han skal lida for mitt namn skuld.» 17 So gjekk Ananias burt og kom inn i huset og lagde henderne på honom og sagde: «Saul, bror! Herren hev sendt meg, Jesus, han som synte seg for deg på vegen der du kom, so du skal få syni att og verta fyllt med den Heilage Ande.» 18 Og straks fall det liksom flas frå augo hans, og han fekk syni att med det same, og han stod upp og vart døypt, 19 og han tok føda og styrkte seg. So vart han verande nokre dagar hjå læresveinarne i Damaskus. 20 Og straks forkynte han Jesus i synagogorne, at han er Guds Son. 21 Og alle dei som høyrde det, vart reint frå seg av undring og sagde: «Er ikkje dette han som i Jerusalem rudde ut deim som påkallar dette namnet? og han var komen hit til å føra deim bundne til øvsteprestarne!» 22 Men Saulus vart enn sterkare, og han målbatt jødarne som budde i Damaskus, med di han synte at denne er Messias. 23 Men då mange dagar var lidne, samrådde jødarne seg um å slå honom i hel. 24 Men rådgjerdi deira vart kunnig for Saulus. Dei vakta og portarne både dag og natt for å slå honom i hel. 25 Men læresveinarne tok honom um natti og slepte honom ut igjenom muren, med di dei let honom ned i ei korg. 26 Då han no kom til Jerusalem, prøvde han å halda seg til læresveinarne, og alle var rædde honom, av di dei ikkje trudde at han var ein læresvein. 27 Men Barnabas tok og førde honom til apostlarne, og han fortalde deim korleis han såg Herren på vegen, og at han tala til honom, og korleis han i Damaskus lærde frimodig i Jesu namn. 28 So gjekk han då inn og ut med deim i Jerusalem og lærde frimodig i Herrens namn, 29 og han tala med dei græsktalande jødarne og gav seg i ordskifte med deim. Dei lagde seg då etter å slå honom i hel. 30 Men då brørne fekk vita det, førde dei honom ned til Cæsarea og sende honom derifrå til Tarsus. 31 So hadde då kyrkjelyden fred yver heile Judæa og Galilæa og Samaria, og han uppbygde seg og ferdast i otte for Herren og voks ved tilstyrkjing av den Heilage Ande. 32 Og det hende seg, då Peter for ikring alle stader, at han og kom til dei heilage som budde i Lydda. 33 Men der fann han ein mann med namnet Æneas, som i åtte år hadde lege sengfast og var lam. 34 Og Peter sagde til honom: «Æneas! Jesus Kristus lækjar deg; statt upp og reid upp sengi di sjølv!» Og straks stod han upp. 35 Og dei såg honom, alle dei som budde i Lydda og Saron; og dei vende um til Herren. 36 I Joppe var det ei læresyster med namnet Tabita, som er utlagt: Dorkas. Ho var rik på gode gjerningar og sælebotsgåvor som ho gav. 37 Men det hende seg i dei dagarne, at ho vart sjuk og døydde. Dei vaska henne då og lagde henne på ein sal. 38 Og då Lydda ligg nær ved Joppe, og læresveinarne hadde høyrt at Peter var der, sende dei tvo menner til honom og bad: «Ver ikkje leid um du lyt fara hit til oss!» 39 Peter stod upp og vart med deim; og då han kom dit, førde dei honom uppå salen. Og alle enkjorne stod ikring honom og gret og synte fram dei kjolar og klædningar som Tabita hadde gjort medan ho var hjå deim. 40 Men Peter let deim alle ganga ut, og fall på kne og bad; og han vende seg til liket og sagde: «Tabita, statt upp!» Og ho opna augo sine, og då ho såg Peter, sette ho seg upp. 41 Og han gav henne handi og reiste henne upp og ropa på dei heilage og enkjorne og stelte henne fram livande. 42 Dette vart kunnigt yver heile Joppe, og mange kom til tru på Herren. 43 So vart det til det at han vart verande mange dagar i Joppe hjå ein som heitte Simon, ein garvar.
Copyright information for NorSMB