Amos 3

Høyre dette ordet som Herren hev tala imot dykk, de Israels søner, mot heile den ætti som eg hev ført upp frå Egyptarland: Dykk einast kannast ved av alle ætter på jordi. Difor eg heimsøkjer dykk for alt det vonde de hev gjort. Gjeng tvo-eine saman tru, utan dei samstelte vart? Tru løva burar i skogen utan eit rov det gjeld? Let ungløva høyra sitt mål, når i hola ho ligg, utan ho fengdi fekk? Tru fuglen i snara på jordi fell, utan at snara er uppsett? Tru vel at glefsa sprett att, utan at noko sit fast? Eller ljomar luren i by, utan at folket fær støkk? Eller hender ulukka i by, utan at Herren hev gjort det? For ikkje gjer Herren, Herren nokon ting, utan han tenarom sine, profetom, forkynner si løynråd. Når løva mun bura, kven må ikkje ræddast? Når han talar Herren, Herren, kven vert ikkje då profet? Rope ut yver Asdod borger og yver borger i Egyptarland: «Dykk samle på Samariafjelli og sjå kor fælt eit ståk der er, og valdsverk som der råder!» 10 Dei hev ikkje vit på framferd rett, segjer Herren, dei som haugar valdsverk og tjon i borgerne sine i hop. 11 Difor, so segjer Herren, Herren: Fiendar herset ditt land. Di magt skal støytast i knas, dine borger plundrast. 12 So segjer Herren: Som hyrdingen friar frå løvegap eit par bein ell’ ein øyrelapp, so bergast dei skal, dei Israels-søner, som i Samaria sit i sofa-krå, på putebenk. 13 Høyr og vitna mot Jakobs hus! segjer Herren, Herren, allhers Gud: 14 Den dagen eg straffar Israel brot, då straffar eg Betels altar, og altarhorni vert hogne, og dei skal falla til jordi. 15 Eg vinterstova hogg ned, sumarstova med. Filsbeinssalar skal falla, og mange hus skal verta øydde, segjer Herren.
Copyright information for NorSMB