Amos 5

Høyr dette ordet som eg syng yver dykk, ein syrgjesong yver Israels hus: «Ho falli er, ris aldri upp meir, den møy Israel; slengd til jord i sit eige land. Ingen reiser ho upp.» For so segjer Herren, Herren: Ein by sender tusund ut, fær hundrad att, sender ho hundrad ut, fær tie att til Israels hus. For so segjer Herren til Israels hus: Søk meg, so skal de liva! Men aldri de søkje til Betel, til Gilgal aldri kom, og gakk ikkje til Be’erseba! For Gilgal burt skal førast, og Betel vert upp i tjon. Søk Herren, so skal de liva! Elles kjem han som eld yver Josefs hus; det brenn, og ingen sløkkjer for Betel. De som vender retten til malurt, og kastar rettferd til jord! Han som skapte Sjustjerna og Orion, og gjer kolmyrkret til morgon, gjer dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut yver jordi - Herren er hans namn. Han øyder dei sterke med sitt ljon, han øyder borgi den faste! 10 Dei hatar den som refser for retten, styggjest ved den som talar sanning. 11 Difor, då småfolk de trakkar ned og kornleiga driv av deim ut - vel hev de hogt stein og bygt hus, men de skal ikkje sjølv der bu. De hev fagre vinhagar stelt, men de skal ikkje drikka deira vin. 12 For eg veit um synderne dykkar so mange og misgjerder utan tal; de trykkjer den skuldlause, tek imot mutor, ein arming for retten de svik. 13 Difor tegjer den kloke i denne tid, for ei vond tid er det. 14 Legg vinn på godt og ikkje på vondt, so de kann liva. Då vera med dykk Herren, allhers Gud, som de hev sagt. 15 Hata vondt og elska godt, haldt retten uppe på tinget! Kann henda Herren, allhers Gud, då er nådig mot Josefs leivning. 16 Difor, so segjer Herren, allhers Gud, Herren: Det er liksong på alle torg, og på alle gator dei ropar: «Ai, ai!» Bonden dei bed til gravøl, og til liksong deim som kann kveda. 17 Frå kvar vinhage liksongar stig; for eg vil millom dykk ganga, segjer Herren. 18 Ai dykk som trår etter Herrens dag! Kva er han for dykk, Herrens dag? Han er myrker og ikkje ljos. 19 Som når du undan ei løva spring og møter ein bjørn, du kjem heim og styd handi mot veggen, og so bit deg ein orm. 20 Ja, ja, myrker er Herrens dag og ikkje ljos, dimleitt, han hev ingen glans. 21 Eg hatar og vanvyrder dykkar høgtider, eg hev ingen hugnad i dykkar stemnor, 22 ja, um de meg brennoffer gjev og grjonoffer, det hugar ikkje meg. Eg gjev ikkje på gjødkalve-offer gaum. 23 Lat meg vera i fred for din buldrande song, ditt harpespel lyder eg ’kje på. 24 Men lat rett velta fram som vatn, og rettferd som rennande bekk! 25 Bar De slagtoffer, grjonoffer til meg dei fyrti åri i øydemarki, du Israels hus? 26 Og bar det då Sukkot, dykkar konge, og Kijun, dykkar bilæte, dykkar gudestjerna, som de hadde gjort dykk? 27 Eg vil føra dykk av burtanfor Damaskus, segjer han som heiter Herren, allhers Gud.
Copyright information for NorSMB