Amos 6

Ai dykk som sit trygge på Sion, utan sut på Samarias berg, dei fremste i det gjævaste folk, som fær vitjing av Israels hus! Drag burt til Kalne og sjå, og endå lenger, til Stor-Hamat fram, og stig ned til Gat i Filistarland! Er dei betre enn desse riki? Er deira land større enn dykkar? De som vond-dagen set på dør og valdsmannen sessar på stol. På filsbeins-sæte dei ligg, og late på pallen dei heng. Av fenaden lambi dei et, og gjødkalv-bingen gjev steik. Dei sullar til harpe-slått liksom David dei lagar seg spel. Av bollar drikk dei vin, og med dyraste olje seg salvar, dei sturar ikkje for Josefs skade. Difor skal desse vera fremst i den landlyste flokken, og letings-sullen vert slutt. Herren, Herren hev svore ved seg sjølv, segjer Herren, allhers Gud: Jakobs høgferd mislikar eg, eg hatar hans slott, og by og bol gjev eg upp. Og um det so berre var tie mann att i eitt einaste hus, dei skal døy. 10 Og frenden og brennaren kjem til å bera beini or huset. Spør han so den som er inst inni huset: «Er det nokon att hjå deg?» Han svarar: «Nei,» so segjer han: «Hyss!» For ikkje må nemnast Herrens namn. 11 For sjå, Herren byd: det store huset skal skakast i knas, og det vesle til dess at det brest. 12 Tru hestarne spring i brattberg ikring, tru uksen på sjøen dreg plogen, sidan de til forgift brigdar retten og vender rettferd til malurt? 13 I heimløyser hev dei si frygd, dei kved: «Var me ikkje hæve, at me hev vunne oss velde?» 14 For sjå, eg reiser imot dykk, Israels hus, eit folk, segjer Herren, allhers Gud. Og det skal dykk slå, frå Hamats grensa til øydemarks å.
Copyright information for NorSMB