Amos 8

Soleis let Herren, Herren meg sjå: Der stod ei korg med mogi frukt. Og han sagde: «Kva er det du ser, Amos?» Eg svara: «Ei korg med mogi frukt.» Og Herren sagde: «Haust-moge er mitt folk Israel. Eg vil ’kje bera yver med det meir. Og slotts-songarn’ yling vert på dagen den,» segjer Herren, Herren. Lik er i mengd kvar ein stad stilt slengde av. Høyr dette, de som snikjer etter fatigmann, de som tynar småfolk i landet, De som segjer: «Når er nymåne-helgi slutt, so me kann få kornet vårt selja, og sabbaten, so me inn i kornburet slepp og kann minka vårt mål og auka vår pris og driva fusk med vegti, Og armingen kjøpa for gull og stakaren for eit par skor, og so lata deim lettkornet få?» Ved Jakobs byrgskap Herren svor: Aldri skal alt dykkar verk verta gløymt. Skulde ’kje for slikt då skjelva jordi og heile mannheimen syrgja, og reint gå i flaum som Nilen, stiga og falla som Egyptarelvi? Og det hender på dagen den, segjer Herren, Herren, ved høgstdags bil let eg sol gå ned, og jordi skal myrkna på ljosan dag. 10 Dykkar helgar eg vendar til sorg, alle visor til syrgjesongar. Og sekk eg sveipar um kvar ei lend, gjer fleinskallut kvar ein haus, veld sorg som for einaste barn, gjer enden til ein uheils dag. 11 Sjå, dagar det koma skal, segjer Herren, Herren, då eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød, ikkje torste etter vatn, men etter å høyra Herrens ord. 12 Og dei fer ifrå hav til hav, og dei sviv ifrå nord til aust, og dei leitar etter Herrens ord, men dei finn det ikkje. 13 På den dagen skal fagre møyar og unge menn av torsten tynast, 14 Dei som sver ved Samarias synd, og som segjer: «So sant din Gud liver, Dan, og so sant Be’ersebas vis liver.» Dei sig ned og ris aldri upp meir.
Copyright information for NorSMB