Amos 9

Ved alteret såg eg at Herren stod. Han sagde: Støyt til stolpen, so gåtterne skrell, lat det ramla nedyver kvar ein haus. Eg let deim som att er falla for sverd, ingen skal koma seg av, berga seg skal ikkje ein. Bryt dei seg inn i helheim, mi hand tek deim derifrå ut, stig dei til himmelen upp, derifrå driv eg deim ned. Um dei gøymer seg burt på Karmels topp, eg finn deim og hentar deim heim. Um frå augo mine dei løyner seg av på havsens botn, derifrå byd eg ormen fram, og han skal deim bita. Um dei ver burtførde fangar under fiendehand, der skal eg bjoda sverd at det skal deim slå og augo mitt på deim skal sjå ilt og aldri mildt. Herren, Allhers-Herren, han rører jordi so ho brånar, og heile mannheimen syrgjer, når all jordi stig som Nilen og fell som Egyptarelvi. Han hev i himlom sine høgsalar bygt, yver jordi reist sin kvelv. Han kallar vatnet or hav og auser det ned yver jord. Herren er hans namn. Er de meir for meg enn kusitarne, de Israels born? segjer Herren. Hev eg ikkje ført Israel frå Egypt, filistaran’ frå Kaftor, og syraran’ frå Kir? Sjå augo til Herren, Herren ser ned på dette syndsens rike: Eg øyder deim burt frå mannaheim; men ikkje heilt eg øydar Jakobs hus, segjer Herren. For sjå, eg sender ut bod: Eg Israels hus millom folki skjek, liksom du ristar eit såld, og ikkje eit korn på bakken fell. 10 Men for sverd skal døy kvar syndarar i mitt folk som kved: «Aldri oss skal ulukka koma og slå.» 11 På dagen den vil eg reisa upp att Davids nedfalne hytta og sprungorne tetta og att-stødor lyfta, byggja upp som i fordoms tid, 12 for at dei skal erva det som av Edom er att, og alle dei folk som kallast med mitt namn, segjer Herren som fullfører dette. 13 Ja, dagar dei koma skal, segjer Herren, då pløgjaren skurdmannen når; den som vindruvor tred, ser mannen som sår, på fjellom dryp det med saft, etter bakkom bekkjerne renn. 14 Og eg lagnaden snur for mitt folk Israel. Dei skal øydegardar byggja og bu der sjølv, dei skal vinberg planta og drikka deira vin, de skal stella seg hagar og eta deira frukt. 15 Eg let deim bu i sitt land, og dei skal ikkje meir rivast upp frå sin heim, som eg deim gav, segjer Herren, din Gud.
Copyright information for NorSMB