Colossians 1

Paulus, Kristi Jesu apostel ved Guds vilje, og broderen Timoteus til dei heilage og truande brør i Kristus i Kolossæ: Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader! Me takkar alltid Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, når me bed for dykk, sidan me høyrde um dykkar tru på Kristus Jesus og den kjærleik de hev til alle dei heilage, for den von skuld som er gøymd åt dykk i himmelen, den som de fyrr hev høyrt um gjenom sannings-ordet i evangeliet, som er kome til dykk, liksom det og er i heile verdi og ber frukt og veks som hjå dykk frå den dag då de høyrde det og lærde å kjenna Guds nåde i sanning, so som de hev lært av Epafras, vår kjære medtenar, som er ein tru Kristi tenar for dykk, som og hev fortalt oss um dykkar kjærleik i Anden. Difor held me, frå den dag me høyrde det, ikkje heller upp med å gjera bøn for dykk og beda um at de må verta fyllte med kunnskap um hans vilje i all åndeleg visdom og skynsemd, 10 so de må ferdast verdigt for Herren til all hugnad, so de ber frukt og veks i all god gjerning ved kunnskapen um Gud, 11 so de vert styrkte med all styrke etter hans herlegdoms kraft til alt tolmod og langmod, 12 so de med gleda takkar Faderen som gjorde oss duglege til å få arvlut med dei heilage i ljoset, 13 han som fria oss ut frå myrkers magt og sette oss yver sin kjære Sons rike. 14 I honom hev me utløysingi, forlating for synderne. 15 Og han er eit bilæte av Gud den usynlege, den fyrstefødde framfor all skapning; 16 for i honom er alle ting skapte, dei i himmelen og dei på jordi, dei synlege og dei usynlege, anten det so er kongssæte eller herredøme eller magter eller yverråder; alle saman er dei skapte ved honom, og til honom, 17 og han er fyrr enn alle ting, og alle ting stend ved lag i honom. 18 Og han er hovudet for likamen, som er kyrkja, han som er upphavet, den fyrstefødde av dei daude, for at han i alle måtar skulde vera den fremste. 19 For i honom tektest det Gud, at heile hans fylla skulde bu, 20 og ved honom å forlika alle ting med seg, med di han gjorde fred med blodet på krossen hans - ved honom, anten det so er dei på jordi eller dei i himmelen. 21 Ogso dykk som fordom var framande vortne og fiendar ved dykkar huglag, i dei vonde gjerningar, 22 dykk hev han no forlikt i hans kjøts likam ved dauden, for å stella dykk fram heilage og ulastande og uklandrande for si åsyn, 23 so framt de vert verande i trui, grunnfeste og trauste, og ikkje let dykk rikka frå den voni evangeliet gjev, det som de hev høyrt, som er forkynt for kvar skapning under himmelen, og som eg, Paulus, vart tenar for. 24 No gleder eg meg yver mine lidingar for dykk og utfyller i mitt kjøt det som endå vantar i Kristi trengslor, for hans likam som er kyrkja, 25 som eg hev vorte tenar til etter det Guds hushald som eg hev fenge millom dykk, det vil segja å fullføra Guds ord, 26 den løyndomen som var duld frå alle tider og ætter vart til, men no er openberra for hans heilage, 27 som Gud vilde kunngjera, kor rik på herlegdom denne løyndomen er millom heidningarne, det er Kristus millom dykk, voni um herlegdom. 28 Og honom forkynner me, med di me påminner kvart menneskje og lærer kvart menneskje med all visdom, so me kann framstella kvart menneskje fullkome i Kristus. 29 For dette arbeider eg og, med di eg strider med hans kraft som verkar i meg med styrke.
Copyright information for NorSMB