Colossians 3

Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand! Hav hug til det som er der uppe, ikkje til det som er på jordi! For de er daude, og dykkar liv er løynt med Kristus i Gud. Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de og verta openberra med honom i herlegdom. So døyd då dykkar jordiske lemer: Utukt, ureinskap, ovhug, vond lyst og havesykje, som er avgudsdyrking! for desse ting kjem Guds vreide yver dei vantruande; millom deim ferdast de og fordom, den tid de livde i desse ting; men no skal de og leggja deim alle av: Vreide, illska, vondskap, spotting, skamleg tale av dykkar munn. Ljug ikkje mot kvarandre, de som hev klædt av dykk det gamle menneskje med dei gjerningar det gjer, 10 og iklædt dykk det nye, som vert uppnya til kunnskap etter sin skapars bilæte; 11 her er ikkje grækar og jøde, umskjering og fyrehud, barbar, skyte, træl, fri mann, men Kristus er alt og i alle. 12 Klæd dykk då, som er Guds utvalde, heilage og kjære i hjarteleg miskunn, godleik, audmykt, spaklynde, langmod, 13 so de toler kvarandre og tilgjev kvarandre, um nokon hev kjæremål imot nokon! som Kristus tilgav dykk, soleis de og! 14 Men attåt alt dette klæd dykk i kjærleiken, som er bandet um fullkomenskapen! 15 Og Kristi fred råde i dykkar hjarto, den som de vart kalla til i ein likam, og ver takksame! 16 Lat Kristi ord bu rikleg hjå dykk, so de lærer og påminner kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege visor, og syng yndeleg i dykkar hjarto for Gud. 17 Og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved honom! 18 De konor, ver mennerne dykkar undergjevne, so som det sømer seg i Herren! 19 De menner, elska konorne dykkar og ver ikkje beiske imot deim! 20 De born, lyd foreldri dykkar i alle ting! for det er Herren til hugnad. 21 De feder, arga ikkje dykkar born, so dei ikkje skal missa modet! 22 De tenarar, ver lyduge i alle ting mot herrarne dykkar etter kjøtet, ikkje med augnetenesta, liksom dei som strævar etter å tekkjast menneskje, men i hjartans einfelde, med di de ottast Herren! 23 Det de gjer, gjer det av hjarta, so som for Herren og ikkje for menneskje, 24 då de veit at de skal få arven til løn av Herren. Ten Herren Kristus! 25 Men den som gjer urett, skal få den urett att som han gjorde, og det vert ikkje gjort skil på folk.
Copyright information for NorSMB