Daniel 11

Og eg stod og ved hans sida til hjelp og til vern det fyrste styringsåret åt medaren Darius.» Og no skal eg kunngjera deg det som visst er. Sjå, endå skal tri kongar standa fram i Persia, og den fjorde skal vinna seg større rikdom enn nokon av dei andre, og når han er vorten sterk ved rikdomen sin, skal han bjoda ut alt mot Javanriket. Sidan skal det standa fram ein veldug konge, og han skal rikja med stor magt og gjera som han vil. Men han skal ikkje for vel vera komen, fyrr riket hans skal rivna og verta sundbytt etter dei fire himmelætterne; og det skal ikkje falla hans ætt til eller verta so megtigt som det var då han rådde; for riket hans skal rivast og falla andre til enn deim. Og kongen i Sudlandet skal verta veldug, og ein av hovdingarne hans og; ja, denne hovdingen skal verta ein endå veldugare hovding enn han sjølv er, og veldet hans skal verta stort. Og um nokre år skal dei gjera ei semja seg imillom, og dotter åt Sudlands-kongen skal draga avstad til kongen i Norderlandet og freista å få deim forlikte. Men magti ho vinn, skal ho ikkje eiga lenge, ikkje heller skal han og hans magt verta varande; men ho skal verta gjevi til pris, ho tilliks med deim som let henne draga dit, både far hennar og den mannen som i si tid tok henne til seg. Men av renningar frå hennar rot skal ein stiga upp i hans stad. Han skal fara fram imot heren åt kongen i Norderlandet og brotja inn i festningarne hans og gjera med deim som han vil, og han fær yvermagt. Gudarne deira og bilæti og dei dyrverdige kjeraldi deira, både sylv og gull, skal han føra til herfang til Egyptarland. Sidan skal han i nokre år lata kongen i Norderlandet vera i fred. Men han skal trengja inn i riket åt Sudlands-kongen; men han skal venda heim att til landet sitt. 10 Og sønerne hans skal bu seg til strid og samla velduge herar; og ein av deim skal fara fram og fløyma yver og breida seg ut; og han skal koma att, og striden skal dei føra fram alt til festingi hans. 11 Då skal kongen i Sudlandet reisa seg i harm og draga ut og strida mot kongen i Norderlandet, og han skal fylkja ein stor her; men den heren skal verta gjeven i hans hender. 12 Når so heren er sprengd, aukar ovmodet hans; men um han so hev felt titusund, fær han då ikkje magti. 13 Kongen i Norderlandet skal fylkja ein ny her, større enn hin; og um nokre års tid skal han koma med ein stor krigsher og stort træn. 14 På same tid skal mange reisa seg mot kongen i Sudlandet; og valdsmenner av ditt eige folk skal og reisa seg, so syni skal sanna seg. 15 Og kongen i Norderlandet skal fara fram og setja upp vollar og taka ein borgby, og Sudlands-magti skal ikkje kunna standa seg, og det utvalde herfolket hans skal ikkje eiga magt til motstand. 16 Han som fer imot honom, skal fara åt som han vil, og ingen skal kunna standa seg imot honom; han skal setja seg fast i det herlege landet, og øyding skal handi hans valda. 17 Og han skal etla seg til å koma med heile magti i riket sitt; like vel er han huga på semja, og det skal han og få til. Ei av døtterne sine skal han gjeva honom til kona, til tjon for landet. Men det skal ikkje koma i stand og ikkje verta av. 18 Etterpå skal han snu seg mot øylandi og taka mange; men ein herførar skal gjera ende på svivyrdingi hans, ja, lata svivyrdingi hans koma yver honom sjølv. 19 Då skal han snu seg mot borgerne i sitt eige land; men han skal snåva og falla og sidan ikkje verta funnen att meir. 20 Og i hans stad skal det standa fram ein annan, og han skal lata ein skattefut fara gjenom riksens prydnad, men um nokre dagar skal han verta tynt, men ikkje i vreide, ei heller i krig. 21 Og i hans stad skal det standa fram ein stakar, som det ikkje var etla kongedøme åt; uventande skal han koma og eigna til seg riket med meinråder. 22 Og yverfløymde herar skal skolast burt framfyre honom og krasast, og sambandsfyrsten sameleis. 23 Frå den stund dei gjer samband med honom, skal han fara med svik. Og han skal fara fram og få yvermagti med lite folk. 24 Uventande skal han koma inn i dei grøderikaste bygder av landet og gjera ting som korkje far hans eller forfederne hans hev gjort; herfang og rov og gods skal han strå ut til folket sitt; og mot borgerne skal han hava rådgjerder fyre, til ei viss tid. 25 All si magt og alt sitt mod skal han bruka mot Sudlands-kongen og koma med ein stor her; men Sudlands-kongen skal og bu seg til strid med ein ovleg stor og mannsterk her; like vel skal han ikkje kunna standa seg, for det vert lagt meinråder mot honom. 26 Dei som er i bordsamlag med honom, skal fella honom. Og heren hans skal fløyma utyver, og mange skal verta slegne og falla. 27 Båe kongarne skal vera meinte på vondt; der dei sit ved same bord, skal dei tala lygn; men det skal ingen framgang hava; for endå dryger det med enden, til den fastsette tidi kjem. 28 Han skal venda heim att til landet sitt med stort herfang, og han skal leggja upp råder mot det heilage sambandet; og når han hev fullført deim, skal han snu heim att til landet sitt. 29 Til fastsett tid skal han fara imot Sudlandet; men det skal ikkje ganga denne gongen som det gjekk gongen fyrr. 30 For skip frå Kittim skal koma imot honom, og modet skal han missa. Då skal han snu um og venda vreiden sin mot det heilage sambandet og sleppa sinnet sitt laust. Og når han er heimkomen, skal han merka seg deim som vender seg ifrå det heilage sambandet. 31 Og herar som han sender ut, skal koma og skamfara heilagdomsborgi og taka burt det daglege offeret, og den øydande styggedomen skal dei setja upp. 32 Og deim som hev krenkt sambandet, skal han med håle ord få gjort heilt ut til heidningar; men dei av folket som kjenner sin Gud, skal standa støduge og halda ut. 33 Og dei vituge millom folket skal læra mange; men ei tid skal dei verta heimsøkte med sverd og bål, med fangekår og herjing. 34 Like vel skal dei i si heimsøkjing få ei liti hjelp, og mange skal då fylkja seg til flokken deira på skrymt. 35 Heimsøkjingi skal råma sume av dei vituge, so det kann verta ei skiring millom deim, so dei vert reinsa og tvegne til endetidi; for endå drygjer det med den til den fastsette tidi kjem. 36 Og kongen skal fara åt som han vil, hevja og briska seg mot alt som Gud er; ja, mot Gud yver gudarne skal han tala utruleg kaute ord. Og alt skal lukkast honom vel, til dess vreidetidi er ute, då det hev hendt som er urikkeleg avgjort. 37 På fedregudarne sine skal han ikkje agta, ikkje heller skal han agta grumguden åt kvinnorne, ikkje heller på nokon annan gud; men han skal ovmoda seg imot deim alle. 38 Men borgguden skal han æra i staden; ein gud som federne hans ikkje hev kjent, skal han heidra med gull og sylv og dyrverdige steinar og andre kostnadting. 39 Og mot sterke borger skal han med ein framand guds hjelp gjera som han lyster; deim som kannar denne guden, skal han syna stor æra; han skal setja deim til å råda yver mange, og han skal skifta ut jord åt deim til løn. 40 Men i endetidi skal kongen i Sudlandet til å stangast med honom; og kongen i Norderlandet skal storma fram mot honom med vogner og hestfolk og mange skip og falla inn i landi og fløyma yver og breida seg ut. 41 Han skal og draga inn i det herlege landet, og mange andre land skal verta heimsøkte; men desse skal koma seg undan henderne hans: Edom og Moab og storluten av ammonitarne. 42 Ja, han skal retta handi ut mot framande land, og Egyptarland skal sleppa undan. 43 Han skal eigna til seg skattar av gull og sylv og alle slag kostnadting i Egyptarlandet; og libyarar og ætiopar skal fylgja i hans far. 44 Då skal han frå aust og nord høyra tidender som støkkjer honom; og han skal draga ut i stor vreide til å øyda og tyna mange. 45 Og slottstjeldi sine skal han setja upp millom havet og det herlege heilagdoms-fjellet. Men so ber det til enden med honom, og ingen skal hjelpa honom.
Copyright information for NorSMB