Daniel 4

Kong Nebukadnessar til alle folk og ætter og tungemål som bur på heile jordi: Heil og sæl! Eg hev funne for godt å kunngjera dei teikn og under som den høgste Gud hev gjort mot meg. Kor store er ikkje teikni hans, og megtige hans under! Riket hans er eit æveleg rike, og veldet hans varer frå ætt til ætt. Eg, Nebukadnessar, sat i god ro i huset mitt og livde lukkeleg i kongsgarden mitt. Då hadde eg ein draum som skræmde meg; eg tok fæla av draumsviv i mi seng og av ei syn som eg såg. Difor gav eg ut bod um at dei skulde henta alle dei vise i Babel til meg, so dei kunde segja meg uttydingi på draumen. So kom då runemeistrarne, manararne, kaldæarane og stjernetydarane, og eg fortalde deim draumen; men dei kunde ikkje segja meg uttydingi på honom. Til slutt kom Daniel og inn for meg, han som hadde fenge namnet Beltsassar etter namnet på guden min, og som anden åt heilage gudar er i; og eg fortalde honom draumen soleis: «Beltsassar, du som er den øvste millom runemeistrarne, um deg veit eg at anden åt heilage gudar er i deg, og at ingen løyndom er for svær for deg; so seg meg kva eg såg i draumen min, og kva det tyder. 10 Dette var den syni eg hadde på lægjet mitt: Eg såg i syni mi eit tre standa midt på jordi, og det treet var ovleg høgt. 11 Ja, stort og veldugt var treet, og so høgt at det rakk til himmels og var synlegt alt til enderne av jordi. 12 Det hadde fager lauvklænad, og det bar mykje frukt, so det hadde føde åt alle. Dyri på marki fann skugge under det, og fuglarne under himmelen budde i greinerne på det, og alt kjøt fekk si føda frå det. 13 So såg eg i den syni som eg hadde på lægjet mitt, korleis ein heilag vaktar steig ned frå himmelen. 14 Han ropa med høg røyst og sagde: «Hogg ned treet, og skjer greinerne av det, riv lauvklædnaden av, og spreid frukti, so dyri som ligg under det, lyt fara sin veg, og fuglarne flyg burt ifrå greinerne på det. 15 Men lat stuven med røterne standa att i jordi, men bunden med lekkjor av jarn og kopar, midt i grøne graslendet; av doggi frå himmelen skal han vætast, og hava sin lut med dyri millom urterne på marki. 16 Hjarta hans skal skapast um, so det ikkje er eit mannehjarta meir; eit dyrehjarta skal han få, og sju tider skal skrida fram yver honom. 17 So er det skipa ved rådgjerd av vaktarane, og so hev dei heilage sagt i saki, so mykje dei levande skal sanna at det er den Høgste som råder yver manneriket og gjev det til kven han vil, ja, set den ringaste millom menneskje yver det.» 18 Soleis var draumen som eg, kong Nebukadnessar, hadde. Og no må du, Beltsassar, segja kva han tyder; for ingen av dei vise i riket mitt kann segja meg uttydingi; men du kann det vel, for anden åt heilage gudar er i deg.» 19 Då stod Daniel, han som dei og kalla Beltsassar, ei stund forfærd og full av urolege tankar. Men kongen tok atter til ords og sagde: «Beltsassar, lat ikkje draumen og det som han tyder, skræma deg!» Beltsassar svara og sagde: «Herre min, gjev draumen måtte gjelda deim som hatar deg, og tydingi på honom fiendarne dine! 20 Treet du såg, som var so stort og so veldugt, og so høgt at det rakk til himmels og var synlegt yver all jordi, 21 og som hadde so fager lauvklædnad, og bar so mykje frukt at det gav føda åt alle, treet som dyri på marki budde under, og som fuglarne under himmelen hadde reiri sine i greinerne på, 22 det er du sjølv, konge, du som er so stor og veldug; stordomen din hev vakse so han når til himmels, og veldet ditt strekkjer seg til endarne av jordi. 23 Men at kongen såg ein heilag vaktar stiga ned frå himmelen, som sagde: «Hogg ned treet og øydelegg det, men lat stuven med røterne standa att i jordi, bunden med lekkjer av jarn og kopar, midt i grøne graslendet! av doggi frå himmelen skal han vætast, og hava sin lut millom dyri på marki, til dess sju tider hev skride fram yver honom - 24 det tyder, konge, og dette er rådgjerdi åt den Høgste som råkar herren min, konge: 25 Du skal verta utstøytt frå menneski og ljota bu millom dyri på marki og eta gras som uksarne og verta vætt av doggi frå himmelen, og sju tider skal skrida fram yver deg til dess du sannar at det er den Høgste som råder yver mannariket og gjev det til kven han vil. 26 Men at det vart bode at trestuven og røterne skulde standa att, det tyder at du skal få hava riket ditt, når du hev sannkjent at himmelen hev magti. 27 Difor må du, konge, lata mitt råd tekkjast deg, og gjera deg fri frå synderne dine med di du gjer godt, og frå misgjerningarne dine med di du gjer sælebot mot dei fatige, um lukka di då kann henda kunde verta varande.»» 28 Alt dette kom yver kong Nebukadnessar. 29 Tolv månader etter gjekk kongen ein gong ikring på taket av kongsslottet i Babel. 30 Då tok kongen til ords og sagde: «Sjå, dette er det store Babel, som eg hev bygt til kongssæte med mi velduge magt, min herlegdom til æra!» 31 Fyrr ordet endå var or munnen på kongen, kom det ei røyst frå himmelen: «Deg, kong Nebukadnessar, vere det sagt: Kongedømmet hev vike frå deg; 32 du skal verta utstøytt frå menneski og ljota bu millom dyri på marki og eta gras som uksarne, og sju tider skal skrida fram yver deg, til dess du sannar at den Høgste råder yver manneriket og gjev det til kven han vil.» 33 I same stundi slo dette ordet til på Nebukadnessar; han vart utstøytt frå menneski og laut eta gras som uksarne, og kroppen hans vart vætt av doggi frå himmelen, til dess at håret hans voks og vart som ørnefjører, og til dess neglerne hans vart som fugleklør. 34 Men då tidi var lidi, lyfte eg, Nebukadnessar, augo mine upp til himmelen og fekk vitet mitt att. Då lova eg den Høgste, eg prisa og æra honom som liver æveleg, han som hev eit velde som er eit ævelegt velde, og eit rike som varer frå ætt til ætt. 35 Alle som på jordi bur, er som inkje å agta imot honom, for han gjer kva han vil, både med himmelheren og med deim som bur på jordi, og ingen kann standa seg imot hans hand eller segja til honom: «Kva gjer du?» 36 So fekk eg då på den tidi vitet mitt att, og eg fekk att min herlegdom og glans, mitt kongedøme til æra, og rådsherrarne og stormennerne mine leita meg upp. Og eg vart innsett i kongedømet mitt att, og endå større magt vart meg gjevi. 37 Difor prisar no eg, Nebukadnessar, og høglovar og ærar kongen i himmelen; for alle hans gjerningar er sanning, og vegarne hans er rette, og han kann bøygja deim ned som ferdast i ovmod.
Copyright information for NorSMB