Daniel 6

Og Darius frå Media tok imot riket då han var tvo og seksti år gamall. Og Darius fann for godt å setja eit hundrad og tjuge satrapar yver riket, so det alle stadar i riket skulde vera slike å finna. Og yver deim sette han tri riksrådar, og av deim var Daniel den eine; for deim skulde satraparne gjera rekneskap, so kongen ingen skade leid. Men Daniel merkte seg ut framfor hine riksrådarne og satraparne, for det var ei makelaus ånd i honom, og kongen tenkte på å setja honom yver heile riket. Då søkte dei andre riksrådarne og satraparne å finna ei sak imot Daniel i det som kom riksstyringi ved. Men dei kunde ingi sovore sak finna, eller noko som var rangt, med di han var trugen i tenesta si; ingi misferd og inkje rangt var å finna hjå honom. Då sagde mennerne: «Me finn ikkje nokor sak imot denne Daniel, minder det skulde lata seg gjera å finna noko i gudsdyrkingi hans.» Etter dette styrmde desse riksrådarne og satraparne inn til kongen og sagde soleis til honom: «Kong Darius live æveleg! Alle riksrådarne og jarlarne og satraparne, rådsherrarne og landshovdingarne i riket hev samrådt seg um at eit kongelegt påbod burde verta gjeve, og eit forbod ferda ut, at kven det er som i tretti dagar heldt si bøn til nokon annan, det vere gud eller menneskje, enn til deg, konge, han skal verta kasta i løvegropi. So lat det no, konge, verta ferda ut eit forbod, og lat det setja upp skriftleg, so det ikkje kann takast attende, etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.» 10 I samhøve med dette let kong Darius eit skriv setja upp og eit forbod ferda ut. 11 Men so snart Daniel hadde fenge visst at skrivet var uppsett, gjekk han inn i huset sitt; der hadde han på den øvre salen sin vindaugo som var opne mot Jerusalem. Der fall han tri gonger um dagen på kne og bad og takka Gud, soleis som han fyrr hadde vore van til å gjera. 12 Då styrmde mennerne inn, og dei fann Daniel, som bad og kalla på sin Gud. 13 Sidan gjekk dei til kongen og spurde honom um det kongelege forbodet: «Hev du ikkje late setja upp eit forbod, at kven det er som i tretti dagar held si bøn til nokon annan, det vere gud eller menneskje, enn til deg, konge, han skal verta kasta i løvegropi?» Kongen svara: «Jau, og det ordet stend fast etter ubrigdeleg lov hjå medarar og persarar.» 14 Då svara dei og sagde til kongen: «Daniel, ein av dei jødiske fangarne, agtar korkje på deg eller på det forbodet som du hev late setja upp, men held si bøn tri gonger um dagen.» 15 Då kongen høyrde dette, vart han svært sorgfull, og gjorde seg sut for korleis han skulde kunna berga Daniel; alt til soleglad mødde han seg med å leita etter ein utveg til å hjelpa honom. 16 Då styrmde mennerne inn til kongen og sagde til honom: «Kongen må vita at det er ei lov hjå medararne og persararne, at ikkje noko forbod eller påbod som kongen ferdar ut, kann brigdast.» 17 Då baud kongen at dei skulde henta Daniel og kasta honom i løvegropi; og kongen tala til Daniel og sagde: «Guden din, som du so ideleg dyrkar, han frelsa deg!» 18 Og dei fann fram ein stein og lagde den yver gropsmunnen, og kongen innsigla honom med sitt eige innsigle og innsiglet åt stormennerne sine, so det ikkje skulde verta gjort noko um att i det som hadde hendt med Daniel. 19 Etter dette gjekk kongen heim til slottet sitt, og han fasta heile natti og let ingi kvinnor koma inn til seg; og han fekk ikkje blund på augo. 20 Sidan um morgonen, i lysingi, reis kongen upp og skunda seg til løvegropi. 21 Og då han var nær burt åt gropi komen, ropa han på Daniel med sorgfull røyst. Kongen tok til ords og sagde til Daniel: «Daniel, du tenar åt den levande Gud, må tru Guden din, den som du so ideleg dyrkar, hev kunna berga deg frå løvorne?» 22 Då svara Daniel kongen: «Kongen live æveleg! 23 Min Gud hev sendt engelen sin til å lata att løvemunnarne, so dei ingen skade hev gjort meg. For eg er funnen saklaus for honom; og ikkje heller hev eg forbrote meg mot deg, konge.» 24 Då vart kongen ovleg glad, og baud at dei skulde taka Daniel upp or gropi. Og då Daniel var teken upp or gropi, kunde dei ingen skade finna på honom; for han hadde trutt på sin Gud. 25 Sida baud kongen, og dei henta dei mennerne som hadde klaga Daniel, og kasta deim og borni og konorne deira i løvegropi; og endå fyrr dei var til botnar komne, rauk løvorne på deim og krasa kvart beinet i deim. 26 Etter dette skreiv kong Darius til alle folk og ætter og tungemål som fanst på heile jordi: «Heil og sæl! 27 Hermed gjev eg det bodet at i heile mitt rike skal folk skjelva og ottast for Daniels Gud. For han er den livande Gud, som skal vera i all æva; og riket hans er eit som ikkje kann øydast, og veldet hans varer alt til enden. 28 Han frelsar og friar ut, han gjer teikn og under i himmelen og på jordi, han som hev frelst Daniel or løve-vald.» Og denne Daniel steig i æra og magt i styringstidi åt Darius og persaren Kyrus.
Copyright information for NorSMB