Daniel 8

I det tridje styringsåret åt Belsassar såg eg, Daniel, ei syn, ei som kom etter den eg fyrr hadde set. Då eg no i denne syni skulde til å sjå, syntest det meg at eg var i Susanborgi i Elamfylket; og då eg såg meir til i syni, fann eg at eg var ved elvi Ulai. Og då eg såg upp, fekk eg sjå ein ver framved elvi, og han hadde tvo horn; og båe horni var høge; men det eine var høgre enn hitt, og det som var høgre, skaut sist upp. Eg såg veren stanga med horni vestetter og nordetter og sudetter, og inkje dyr kunde standa honom imot, og ingen kunde berga or hans vald; han for fram som han vilde, og tok seg store ting til. Og då eg gav meir gaum, fekk eg sjå ein bukk koma vestantil og fara fram yver all jordi, men han kom ikkje nær marki; og bukken hadde eit drustelegt horn i skallen. Og han kom burt til veren med dei tvo horni, den som eg hadde set standa framved elvi, og for imot honom i veldug vreide. Eg såg honom koma radt inn på veren og drusa til honom i illska, og han stanga til veren og braut sund båe horni hans, so at veren ingi magt hadde til å standa imot honom; og han kasta honom til jordi og trakka på honom, og det beid ingen som kunde berga veren or hans vald. Og bukken briska seg storleg. Men då han stod i si beste magt, brotna det store hornet hans, og fire andre drustelege horn skaut upp i staden, ut mot dei fire himmelætterne. Frå eitt av deim gjekk det ut eit nytt horn, lite i fyrstningi, og det voks oversleg sudetter og austetter og mot det herlege landet. 10 Og det voks ende upp til himmelheren og kasta nokre av denne heren, av stjernorne, ned til jordi og trakka på deim. 11 Ja, jamvel mot hovdingen yver heren briska det seg; han tok burt det daglege offeret, og hans heilagdoms bustad vart nedriven. 12 Saman med det daglege offeret vart og ein herskare gjeven til pris for brot skuld. Og det slo sanningi ned til jordi, og det lukkast vel, alt det tok seg til. 13 Sidan høyrde eg ein heilag som tala, og ein annan heilag spurde honom som tala: «Kor lang tid sigtar ho på, syni um det daglege offeret og um brotet som valdar øyding, og um nedtrakkingi av både heilagdom og her?» 14 Då svara han meg: «Tvo tusund og tri hundrad kveldar og morgnar; etter det skal heilagdomen koma til retten sin att.» 15 Då eg, Daniel, no hadde set denne syni og freista skyna henne, fekk eg sjå at det stod noko framfyre meg, som liktest ein mann. 16 Og midt yver Ulai høyrde eg ei mannerøyst, som ropa og sagde: «Gabriel, tyd syni for denne mannen!» 17 Då kom han innåt staden der eg stod; men eg vart rædd då han kom, og kasta meg å gruve. Og han sagde til meg: «Gjev gaum på dette, du menneskjeson; for syni sigtar på endetidi.» 18 Medan han soleis tala med meg, seig eg i uvit med andlitet mot jordi; men han rørde ved meg og reiste meg upp att. 19 So sagde han: «Sjå, eg vil kunngjera deg kva som skal henda når det lid til endes med vreiden; for på endetidi sigtar dette. 20 Den tvihyrnte veren som du såg, tyder kongarne i Media og Persia. 21 Men den raggute bukken er Javan-kongen, og det store hornet i skallen hans er den fyrste kongen. 22 Men at det brotna, og at det kom fire andre att i staden, det tyder at folket hans skal verta fire rike, men ikkje med hans kraft. 23 Og ved slutten på veldet deira, når illgjerdsmennerne hev fyllt sitt mål, skal det koma upp ein konge, ubljug og meinsløg. 24 Veldet hans skal verta stort, men ikkje med hans kraft; og han skal gjera utruleg stor skade og hava heppa med seg i verket sitt; megtige skal han tyna, og eit folk av heilage. 25 Med di han er so klok, skal han hava slik heppa med seg i svikarferdi si; han skal setja seg store ting fyre, og uventande skal han tyna mange. Ja, mot hovdingen yver hovdingarne skal han setja seg upp; men utan manns hand skal han då verta krasa. 26 Og sanning er syni um kveldarne og morgnarne, som no er umtala. Men gøym du denne syni, for ho peikar langt fram i tidi.» 27 Men eg, Daniel, vart reint utav det og låg sjuk ei tid. Sidan kom eg meg på føterne att og gjorde mi tenesta hjå kongen; og eg var forstøkt yver syni; men det var ingen som merka det.
Copyright information for NorSMB