Daniel 9

I det fyrste styringsåret åt Darius, son åt Ahasverus - han som var av medisk ætt, og var sett til konge yver Kaldæar-riket - i det fyrste styringsåret hans kom eg, Daniel, i bøkerne til å gjeva ans på det åretalet som Herren hadde nemnt for profeten Jeremia, då han sagde at han vilde lata sytti år lida til endes, medan Jerusalem låg i røys. Då vende eg andlitet mot Herren Gud med inderleg bøn og påkalling, og attåt det fasta eg i sekk og oska. Eg bad til Herren, min Gud, og skrifta og sagde: «Å, Herre, du store og skræmelege Gud, du som held uppe samband og nåde mot deim som elskar deg og held bodi dine! Me hev synda og gjort ille og vore gudlause og tråssuge; me hev vike av ifrå bodi dine og loverne dine. Me hev ikkje høyrt på tenarane dine, profetarne, som tala i ditt namn til kongarne våre og hovdingarne og federne og heile landslyden. Du, Herre, er rettferdig, men me lyt blygjast, som me og gjer no, me Juda-menner og Jerusalems-buar og alt Israel, både dei som er nær og som bur langt burte i framande land, dit du hev drive deim burt, av di dei var utrue imot deg. Ja, Herre, me må blygjast med kongarne og hovdingarne og federne våre, av di me hev synda imot deg. Men hjå Herren, vår Gud, er miskunn og forlating. For me var tråssuge imot honom, 10 og høyrde ikkje på røysti åt Herren, vår Gud, um å leva etter loverne hans, som han lagde fram for oss ved tenarane sine, profetarne. 11 Nei, alt Israel braut di lov og veik av og høyrde ikkje på di røyst. Difor vart ho og utrend yver oss, den forbanningi som han hadde svore å senda, og som stend skrivi i lovi åt Guds tenar Moses; for me hadde synda imot honom. 12 Han heldt ordi sine, som han hadde tala imot oss og imot domarane som dømde oss; og han let so stor ei ulukka koma yver oss, at det ingen stad under himmelen hev hendt noko slikt som hev hendt i Jerusalem. 13 Etter det som stend skrive i Moselovi, kom all denne ulukka yver oss; men endå gjorde me inkje til å blidka Herren, vår Gud, med å vende um ifrå misgjerningarne våre og agta på sanningi di. 14 Difor vakte og Herren yver ulukka og let henne koma yver oss; for Herren, vår Gud, er rettferdig i alle dei gjerningar han gjer; men me høyrde ikkje på røysti hans. 15 Og no, Herre, vår Gud, du som førde folket ditt ut or Egyptarland med sterk hand og soleis gjorde deg eit namn som er det same endå i dag! Me hev synda, me hev vore gudlause. 16 Men Herre, for all di rettferd skuld, lat vreiden og harmen din venda seg ifrå Jerusalem, ditt heilage fjell! for ved synderne våre og misgjerningarne åt federne våre hev Jerusalem og folket ditt vorte til spott for alle som bur ikring oss. 17 Og høyr no, vår Gud, bøni og påkallingi åt tenaren din, og lat di åsyn lysa yver den øydelagde heilagdomen din, for Herrens skuld. 18 Bøyg, min Gud, øyra ditt hit og høyr! Lat upp augo dine og sjå røysarne våre og byen som er uppkalla etter ditt namn! For me lit ikkje på våre rettferdsverk når me ber fram våre påkallingar for di åsyn, men me lit på di store miskunn. 19 Herre, høyr! Herre, forlat! Herre, gjev gaum, gjer ditt verk, og dryg ikkje - for di skuld, min Gud! for byen din og folket ditt er då uppkalla etter ditt namn.» 20 Endå medan eg tala soleis og bad og sanna mi eigi synd og syndi åt Israel, folket mitt, og for Herren, min Gud, bar fram mi forbøn for min Guds heilage fjell, 21 endå medan eg tala soleis i bøn, kom Gabriel til meg, den mannen som eg fyrr hadde set i syni, den gongen eg seig i uvit; og det var ved det bilet då kveldsofferet vart frambore. 22 Han greidde ut for meg og tala til meg og sagde: «Daniel, eg er no utgjengen og skal læra deg å skyna. 23 Då du tok til å beda, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil gjeva deg melding, for du er sers gjæv. So gjev då agt på ordet, og agta på syni! 24 Sytti vikor er fastsette for folket ditt og for den heilage byen din, innan brotet vert fullenda, og synderne tek slutt, og misgjerningarne vert sona, og ei æveleg rettferd førd fram, og innan syn og profetord vert stadfeste, og ein høgheilag heilagdom vert salva. 25 Og du skal vita og skyna: Frå den tidi då ordet gjekk ut um atterreising av Jerusalem, til dess det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal sju vikor lida av, og i tvo og seksti vikor byen skal det verta atterreist med gator og vollgraver, endå um tiderne er tronge. 26 Men etter dei tvo og seksti vikorne skal ein som er salva, verta utrudd og inkje hava. Og byen og heilagdomen skal verta øydde av folket åt ein fyrste som kjem, og han skal enda i ein storflaum; Og alt til enden skal det vera strid. Øyding er urikkeleg avgjord. 27 Og han skal gjera eit sterkt samband med mange for ei vika, og ved honom skal slagtoffer og grjonoffer vera avteke for ei halv vika; og på styggedoms veng skal øydaren koma. Detta skal ganga fyre seg, til dess øyding og urikkeleg avgjord straffedom strøymer ut yver øydaren.»
Copyright information for NorSMB