Deuteronomy 1

Dette er dei ordi Moses tala til heile Israel i øydemarki austanfor Jordan, på Moarne midt for Suf, millom Paran og Tofel og Laban og Haserot og Dizahab - elleve dagsleider frå Horeb etter den vegen som ber burt imot Se’irfjelli, til Kades-Barnea. Det var i det fyrtiande året, fyrste dagen i den ellevte månaden, han tala til Israels-sønerne og bar fram bodi frå Herren. Då hadde han vunne yver Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon, og attmed Edre’i yver Og, Basan-kongen, som budde i Astarot. Austanfor Jordan, i Moablandet, var det Moses tok til med å lesa upp desse loverne. Han sagde: Herren vår Gud, tala soleis til oss ved Horeb: «Lenge nok hev de halde dykk innmed dette fjellet. Tak no ut og legg vegen til Amoritarfjelli og alle dei folki som bur der attmed, på Moarne og i fjellbygderne, på sletta og i Sudlandet og på havstrandi, i heile Kana’ans-landet og på Libanon, alt burt til Storelvi, Eufratelvi. Sjå, eg hev lagt landet ope for dykk. Far av stad og tak det! Det er det landet eg lova federne dykkar, Abraham og Isak og Jakob, at eg vilde gjeva deim og ætti deira.» Den gongen sagde eg til dykk: «Eg kann ikkje greida dykk åleine. 10 Herren, dykkar Gud, hev auka dykk, so de no er mange som stjernorne på himmelen; 11 og gjev at han, fedreguden, vilde auka dykk endå tusund gonger og velsigna dykk, som han hev lova! 12 Men korleis kann eg åleine bera alt strevet og møda med dykk og trættorne dykkar? 13 Kom med nokre vise og vituge og velrøynde menner frå kvar ætt, so skal eg setja deim til hovdingar yver dykk!» 14 Då svara de meg: «Det er både rett og godt det du tenkjer å gjera.» 15 So tok eg ættehovdingarne dykkar, vise og velrøynde menner, og sette til styrarar yver dykk - sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti - og gjorde deim til formenner for ætterne dykkar. 16 Og til domarane dykkar sagde eg: «Høyr på dei sakerne folk hev med kvarandre, og døm rett millom mann og mann, anten dei båe er landsmenner eller den eine er framand. 17 Gjer ikkje mannemun i retten! Høyr på den ringaste som på den høgste, og ver ikkje rædde nokon mann! For domen høyrer Gud til. Men dei sakerne som er for vande for dykk, lyt de koma til meg med, so skal eg høyra på deim.» 18 Og same gongen sagde eg dykk fyre um alt anna de skulde gjera. 19 So tok me ut frå Horeb, og for gjenom heile den store og øgjelege villmarki som de hev set; me heldt leidi til Amoritarfjelli, soleis som Herren, vår Gud, hadde sagt oss, og kom til Kades-Barnea. 20 Då sagde eg til dykk: «No er de komne til Amoritarfjelli, som Herren, vår Gud, vil gjeva oss. 21 Sjå, han hev lagt dette landet ope for deg! Far upp og tak det, som Herren, din fedregud, hev sagt deg! Du skal ikkje ræddast og ikkje fæla!» 22 Då kom de til meg alle saman, og sagde: «Lat oss senda folk fyre, so dei kann gjera seg kjende i landet og gjeva oss greida på kva veg me skal fara og kva byar me kjem til!» 23 Det tykte eg var rett, og so valde eg ut tolv mann, ein or kvar ætt. 24 Dei tok då av stad, og for upp i fjelli, og kom til Eskoldalen. Dei endefor landet, 25 og tok noko av frukterne der var og hadde med seg heim til oss, og sagde frå um alt dei hadde set: «Det landet som Herren, vår Gud, vil gjeva oss, er eit godt land,» sagde dei. 26 Men de vilde ikkje fara dit; de sette dykk upp mot Herren, dykkar Gud, 27 og sat og mukka i tjeldbuderne dykkar: «Herren hatar oss,» sagde de, «difor førde han oss ut or Egyptarlandet, og no vil han gjeva oss i henderne på amoritarne, so dei skal tyna oss. 28 Gud betre oss, for eit land me skal fara upp til! Det var so hjarta kolna i oss då brørne våre kom att og sagde: «Det er folk som er større og sterkare enn me, og svære byar, med murar som rekk radt til himmels: og Anaks-sønerne såg me der og.»» 29 Då sagde eg til dykk: «De skal ikkje ottast og ikkje vera rædde deim. 30 Herren, dykkar Gud, gjeng fyre dykk; han skal strida for dykk, soleis som de såg han gjorde i Egyptarland, 31 og i øydemarki, der du veit han bar deg, som ein mann ber barnet sitt, heile vegen de for, til de kom hit.» 32 Men endå vilde de ikkje lita på Herren, dykkar Gud, 33 han som gjekk fyre dykk på ferdi, og såg etter lægerstad for dykk, um natti i ein eld, so de skulde sjå leidi, og um dagen i ei sky. 34 Då Herren høyrde korleis de ropa og bar dykk, vart han harm, og svor: 35 «Ingen av desse mennerne, av denne vonde ætti, skal få sjå det gilde landet eg lova federne deira, 36 ingen utan Kaleb, son åt Jefunne; han skal få sjå det; honom og borni hans vil eg gjeva det landet han var i, for di han hev heldt seg so trutt etter meg.» 37 Meg og vart Herren harm på for dykkar skuld, og sagde: «Du skal ikkje heller få koma dit. 38 Josva, son åt Nun, han som gjeng deg til handa, skal koma dit. Honom skal du styrkja! For han er det som skal vinna landet til odel åt Israel. 39 Og borni dykkar, som de spådde skulde koma i fiendehand, småsveinerne, som endå ikkje kann skilja godt ifrå vondt, dei skal koma dit; deim vil eg gjeva landet, og dei skal få eiga det. 40 Men de lyt venda, og taka ut i øydemarki etter den vegen, som ber til Raudehavet.» 41 Då sagde de til meg: «Me hev synda mot Herren! Men no vil me fara upp og strida, og gjera alt som Herren, vår Gud, hev sagt.» So batt de kring dykk sverdi kvar og ein; de tenkte det var ingen vande å fara upp i fjelli. 42 Men Herren sagde til meg: «Seg med deim at dei ikkje skal fara dit, og ikkje gjeva seg i strid; for eg er ikkje med deim, og dei kjem til å rjuka for fienden.» 43 So tala eg til dykk, men de vilde ikkje høyra; de lydde ikkje Herren og for i ovmod og uvyrdskap upp i fjelli. 44 Og amoritarne som budde på dei fjelli, tok ut imot dykk og sette etter dykk so kvast som ein biesvarm, og dei jaga dykk ifrå einannan burtyver Se’irfjelli, radt til Horma. 45 Då kom de attende, og klaga dykk for Herren; men Herren høyrde ikkje på dykk, og lydde ikkje på klagorne dykkar, 46 og de laut vera i Kades heile den lange tidi de veit.
Copyright information for NorSMB