Deuteronomy 14

De er Guds born; de må ikkje skjera dykk i holdet, eller raka dykk snaude frami skallen av di de syrgjer yver ein avliden. For eit heilagt folk er du, vigt åt Herren, din Gud; deg hev Herren valt til sitt eigande folk framum alle andre folk på heile jordi. Du må ikkje eta noko som er ufyselegt. Dette er dei dyri de må eta: Uksen, sauen og geiti, hjorten og gasella og antilopen og steinbukken og dådyret og villuksen og villgeiti. Alle firføtte dyr som hev klauver, og som jortar, deim kann de eta. Det er berre desse de ikkje må eta av deim som jortar og av deim som hev klauver: Kamelen og haren og bergtassen, for dei jortar, men hev ikkje klauver; dei skal vera ureine for dykk - og svinet, for det hev klauver, men jortar ikkje; det skal vera ureint for dykk. Kjøtet av dei dyri må de ikkje eta, og er dei daude, so må de ikkje koma nær deim. Høyr so kva de må eta av det som er i vatnet: Alt som hev uggar og reist, kann de eta. 10 Men det som ikkje hev uggar og reist, må de ikkje eta; det skal vera ureint for dykk. 11 Alle reine fuglar kann de eta. 12 Det er berre desse fuglane de ikkje må eta: Ørnen og gribben og sjøørnen 13 og glenta og heile falkeætti 14 og alle fuglar av ramneætti 15 og strussen og gauken og måsen og alle haukeslagi, 16 kattula og stunulven og kveldknarren 17 og hegren og etslegribben og kavfuglen 18 og storken og heidloi og alle andre fuglar av same ætti, og herfuglen og skinnvengja. 19 Alt flugjande krek skal vera ureint for dykk; de må ikkje eta det. 20 Men alt fljugande som er reint, kann de eta. 21 De må ikkje eta noko som er sjølvdaudt! Du kann gjeva det til dei framande som bur millom dykk, so dei kann eta det, eller og kann du selja det til utlendingar; for du er eit heilagt folk, vigt til Herren, din Gud. Du skal ikkje sjoda eit kid i mjølki åt mor si. 22 Tiendi av avlingi di, av alt det som veks på marki år etter år, skal du taka med deg 23 til den staden som Herren, din Gud, vel seg til bustad; der skal du halda måltid for hans åsyn, og eta tiendi av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungarne av storfeet og småfeet ditt, so du kann læra å ottast Herren, din Gud, alle dagar. 24 Men er vegen for lang for deg, er den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad for langt burte, og hev Herren velsigna deg med so rik ei grøda at du ikkje kann føra tiendi dit, 25 so skal du gjera det i pengar, og pengarne skal du knyta inn i eit plagg og taka med deg til den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut. 26 For dei pengarne skal du då kjøpa alt det du hev hug til, uksar og sauer og vin og sterke drykkjer, alt det som hugen din trår etter, og so skal du halda måltid der for Herrens åsyn, og gleda deg, du og huslyden din. 27 Og leviten som bur hjå deg, må du ikkje gløyma; for han hev ikkje fenge nokon arvlut liksom du. 28 Tridje kvart år skal du taka undan heile tiendi av det du hev avla det året, og leggja det upp i byarne dine. 29 So skal levitarne koma; for dei hev ingen arvlut liksom du; og dei framande og farlause og enkjorne som bur innan portarne dykkar, skal koma, og få det dei treng. Då skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt det du gjer og tek deg fyre.
Copyright information for NorSMB