Deuteronomy 16

Kom i hug aksmånaden! Då skal du halda påskehelg for Herren, din Gud; for i aksmånaden førde Herren deg ut or Egyptarland, nattarstider. Og du skal slagta påskeoffer åt Herren, din Gud, storfe og småfe, på den staden som Herren hev valt seg til bustad. Du skal ikkje eta syrt brød attåt offerkjøtet! I sju dagar skal du eta usyrt brød attåt det, naudhjelpsbrød, av di du laut skunda det ut or Egyptarlandet. Soleis skal du heile ditt liv minnast den dagen då du for burt frå Egyptarlandet. Desse sju dagarne må det ikkje finnast surdeig i ditt eige, so langt som du råder, og av det du hev slagta fyrste dagen um kvelden, må ingen ting liggja natti yver, til morgons. Du må ikkje slagta påskeofferet heime, i nokon av dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg, men berre på den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad; der skal du slagta påskelambet, um kvelden, solegladsbil, på same tid som då du for frå Egyptarland. So skal du laga det til, og eta det på den staden som Herren, din Gud, hev valt seg ut; og um morgonen kann du venda heim att til buderne dine. Seks dagar skal du eta usyrt brød; og den sjuande dagen skal du halda ei stor samlingshøgtid for Herren, din Gud; då må du ikkje gjera noko arbeid. So skal du rekna sju vikor: frå sigden tek til å sveiga i kornet, skal du telja sju vikor fram, 10 og når dei er lidne, skal du halda sjuvikehelg for Herren, din Gud. Då skal du bera fram so mykje som du hev hjarta til, i same mun som Herren, din Gud, hev velsigna deg. 11 Og du skal gleda deg for Herrens åsyn, på den staden han hev valt seg til bustad, både du og son din og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og dei framande og farlause og enkjorne de hev hjå dykk. 12 De skal koma i hug at i Egyptarland var de trælar, og gøyma desse bodi i hjarta, og liva etter deim. 13 Når du hev samla inn det som kjem frå låven din og frå vinpersa, då skal du halda lauvhyttehelgi i sju dagar. 14 Og du skal gleda deg so lenge denne høgtidi varer, både du og sønerne og døtterne dine, og drengjerne og gjentorne, og levitarne og dei framande og farlause og enkjorne som bur innan portarne dine. 15 Sju dagar skal du halda pilegrimshelg for Herren, din Gud, på den staden han hev valt seg ut; for Herren, din Gud, vil velsigna deg i alt du avlar og alt du tek det fyre, og du skal vera berre glad. 16 Tri vendor um året skal alle karmennerne dykkar møta fram for Herren, din Gud, på den staden han hev valt seg ut: i søtebrødhelgi, og i sjuvikehelgi, og i lauvhyttehelgi. Men tomhendt må ingen syna seg for Herrens åsyn; 17 kvar skal koma med den gåva han kann, etter som Herren, hans Gud, hev gjeve honom råd til. 18 I alle dei byarne som Herren, din Gud, gjev deg, skal du setja inn domarar og lagrettemenner, i kvar sine fylke; dei skal døma folket etter lov og rett. 19 Du skal ikkje rengja retten, og ikkje gjera mannemun, og ikkje taka mutor; for mutorne synkverver vismenner, og spiller ei rettvis sak. 20 Berre det som rett er, skal du stræva etter, so du kann få liva, og eiga det landet som Herren, din Gud, vil gjeva deg. 21 Du skal ikkje setja noko tre som er vigt til Asjera attmed altaret som du byggjer åt Herren, din Gud. 22 Og du skal ikkje reisa nokon minnestein som Herren, din Gud, mislikar.
Copyright information for NorSMB