Deuteronomy 19

Når Herren, din Gud, hev rudt ut alle folk i det landet han gjev deg, og du hev eigna det til deg, og bur i byarne og husi deira, so skal du skifta heile det riket Herren, din Gud, hev gjeve deg, i tri luter, og so skal du skilja ut tri byar i landet, og halda vegen dit godt i stand, so dei fredlause kann få røma dit. Det er den som uviljande hev drepe nokon, og ikkje bar hat til honom frå fyrr, som skal få røma dit, og då vera trygg for livet sitt - som når ein gjeng med grannen sin ut i skogen og skal hogga timber, og han svingar øksi og vil fella eit tre, men øksi fer av skaftet og råkar grannen so han døyr, då kann han røma til ein av desse byarne og vera trygg for livet. For blodhemnaren kunde i sin heite harm setja etter dråpsmannen, og var vegen lang, kunde han nå honom att og slå honom i hel, endå han ikkje var skuldig til å døy, sidan han ikkje hadde bore hat til den han drap. Difor er det eg segjer med deg at du skal skilja ut tri byar. Og når Herren, din Gud, aukar riket ditt, som han lova federne dine, og gjev deg heile det landet han tala um å gjeva deim - so framt du då agtar vel på alle desse bodi og liver etter deim, soleis som eg segjer med deg i dag, so du elskar Herren, din Gud, og alle dagar gjeng på hans vegar - då skal du leggja endå tri byar attåt desse tri; 10 for det må ikkje renna uskuldigt blod i det landet Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, so du fær blodskuld yver deg. 11 Men når ein hev lagt hat til grannen sin, og lurer seg innpå honom, og slær honom til ulivs, og so rømer til ein av desse byarne, 12 då skal styresmennerne i heimbygdi hans senda folk, og henta honom heim att, og gjeva honom i henderne på blodhemnaren, og han skal lata livet. 13 Du skal ikkje spara honom, men reinsa Israel for blodskuldi, so sant du vil det skal ganga deg vel. 14 Du skal ikkje flytja merkesteinarne millom deg og grannen din, deim som dei gamle hev sett kring garden du fær til odel og eiga i det landet Herren, din Gud, vil gjeva dykk. 15 Eitt vitne er ikkje nok til å fella ein mann som er skulda for eit brot eller ei misgjerning, kva det so er for ei misgjerning han kann hava gjort. Tvo eller tri manns vitnemål skal det til fyrr det kann dømast i ei sak. 16 Når det kjem fram eit vondkynt vitne og skuldar ein mann for lovbrot, 17 so skal båe tvo møtast for Herrens åsyn, for dei prestarne og domarane som då er; 18 og domarane skal granska saki vel. Syner det seg då at vitnet er ein ljugar og hev vitna rangt mot den andre, 19 so skal de gjera det same med honom som han hadde tenkt å gjera med hin. Soleis skal de rydja ut det vonde ut or lyden. 20 Og dei andre skal høyra det og ræddast, so det aldri meir vert gjort slik ei ugjerning millom dykk. 21 Du skal ingen spara, men krevja liv for liv, auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot.
Copyright information for NorSMB