Deuteronomy 20

Når du fer ut i strid mot fienden, og ser hestar og vogner og fleire herfolk enn du hev sjølv, so ver ikkje rædd deim! Herren, din Gud, er med deg, han som førde deg ut or Egyptarlandet. Når de bur dykk til strid, skal presten stiga fram og tala til folket og segja til deim: «Høyr, Israel, i dag bur de dykk til strid mot fienden! Tap ikkje modet! Ver ikkje rædde eller hugfalne eller forstøkte! For Herren, dykkar Gud, gjeng med dykk, og vil strida for dykk mot fienden og hjelpa dykk.» So skal formennerne tala til folket og segja: «Er her nokon som hev bygt seg nytt hus, men endå ikkje vigsla det, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan vigsla huset. Og er her nokon som hev stelt seg til ein vinhage, men endå ikkje havt noko gagn av honom, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan hausta hagen. Og er her nokon som hev fest seg ei brur, men endå ikkje halde brudlaup, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan få bruri.» Dette skal og formennerne segja til folket: «Er her nokon som er rædd og hugfallen, då kann han fara heim att, so ikkje brørne hans skal missa modet liksom han.» Og når formennerne er ferdige med det dei hev å segja til folket, skal de setja hovdingar yver heren. 10 Når du gjeng fram mot ein by og vil taka honom, skal du fyrst bjoda fred. 11 Tek dei då imot tilbodet, og opnar portarne for deg, so skal alt folket i byen vera dine tenarar og arbeida for deg. 12 Vil dei ikkje gjera fred, men vil stridast med deg, so skal du kringsetja byen; 13 og når Herren, din Gud, gjev honom i dine hender, skal du hogga ned alle karmenner; 14 men kvinnor og born og bufe og alt anna som finst i byen, alt herfanget, kann du eigna til deg; du kann nøyta herfanget du tek frå fiendarne, og som Herren, din Gud, hev gjeve deg. 15 Soleis skal du gjera med alle byar som ligg langt burte, og ikkje høyrer desse folki til. 16 Men i dei byarne som høyrer desse folki til, og som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, der skal du ikkje spara eit einaste liv. 17 Du skal bannstøyta deim og rydja deim ut, både hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne, soleis som Herren, din Gud, hev sagt deg; 18 elles kunde dei læra dykk å gjera alt det stygge dei sjølve gjer til æra for gudarne sine, og då vilde de synda mot Herren, dykkar Gud. 19 Når du hev kringsett ein by og lyt liggja der lenge fyrr du fær teke honom, so skal du ikkje skamføra trei som veks der, og setja øks i deim. Du kann eta av deim, men du skal ikkje skadehogga deim. Trei på marki er då ikkje folk, so du tarv stridast med deim? 20 Men dei trei som du veit ikkje ber etande frukt, deim kann du øyda og hogga ned, og byggja kringsetjingsverk mot byen du ligg i strid med, til han lyt gjeva seg.
Copyright information for NorSMB