Deuteronomy 21

Finn de ein mann som ligg drepen på marki i det landet Herren, dykkar Gud, gjev dykk til eigedom, og ingen veit kven hev slege honom i hel, so skal styresmennerne og domarane dykkar ganga ut og mæla kor langt det er frå liket til dei byarne som ligg der ikring; og styresmennerne i den byen som er næmast liket, skal taka ei kviga som aldri hev vore bruka til arbeids og aldri havt sele på seg, og leida henne ned i ein bekkjedal som korkje vert pløgd eller sådd, og i den dalen skal dei brjota halsen på kviga. So skal prestarne koma, Levi-sønerne; for deim hev Herren, din Gud, kåra til å tena seg og til å velsigna i Herrens namn; og etter deira ord skal kvar trætta jamnast og kvar skade bøtast. Og alle styresmennerne i byen, dei som bur næmast der liket vart funne, skal två henderne sine uppyver kviga som dei hev brote halsen på i dalen, og so skal dei taka soleis til ords: «Våre hender hev ikkje rent ut dette blodet, og våre augo hev ikkje set kven som gjorde det. Herre, tak burt skuldi frå Israel, folket ditt, som du hev løyst ut, og lat ikkje Israel, ditt eige folk, lida for dråpet på ein skuldlaus mann!» Då får dei soning for blodskuldi. Soleis reinsar du deg for blodskuld, og gjer det som er rett i Herrens augo. 10 Når du tek ut i strid mot fienden, og Herren, din Gud, gjev honom i dine hender, so du tek fangar, 11 og du millom fangarne fær sjå ei fager kvinna, som du legg hug til og vil hava til kona, 12 då skal du leida henne inn i huset ditt; ho skal klyppa håret og skjera neglerne 13 og leggja av seg dei klædi ho gjekk med då ho vart teki, og so skal ho vera i huset ditt og syrgja yver far sin og mor si ein heil månad; sidan kann du taka henne til deg og gifta deg med henne, og ho skal vera kona di. 14 Men vert det til det at du ikkje likar henne lenger, so skal du gjeva henne fri, so ho kann fara kvar ho vil; selja henne skal du ikkje og ikkje fara vanvyrdeleg med henne, sidan du hev livt i hop med henne. 15 Når ein mann hev tvo konor, ei som han elskar og ei som han ikkje bryr seg um, og dei fær kvar sin son, men son åt den han ikkje held av er den eldste, 16 og han so, når den tid kjem, vil skifta det han eig millom sønerne sine, då må han ikkje lata sonen åt den kona han elskar verta odelsmannen, til meins for den sonen som er eldst. 17 Han skal kanna den eldste for odelsboren, endå han er son til den kona han ikkje likar, og gjeva honom dobbel lut av alt som finst i hans eige; for han er blomen av manndomen hans, han er det som eig odelsretten. 18 Hev nokon ein son som er stridig og tråssug, og ikkje vil lyda foreldri sine, og ikkje høyra på deim når dei tel for honom, 19 so skal foreldri taka honom med seg på tinget, til styresmennerne der i byen, 20 og segja til deim: «Denne sonen vår er stridig og tråssug, og vil ikkje lyda oss; han er ein øydar og ein drikkar.» 21 Då skal alle mennerne i byen steina honom i hel. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden. Og det skal spyrjast yver heile Israel, so alle vert ottefulle. 22 Hev nokon gjort eit brot som det er sett livsstraff for, og han so hev vorte avretta og hengd upp på eit tre, 23 so må ikkje liket hans verta hangande på treet natti yver, men du skal jorda honom same dagen; for Guds forbanning ligg på den som er upphengd, og du skal ikkje gjera landet ditt ureint, det som Herren, din Gud, hev gjeve deg til odel og eiga.
Copyright information for NorSMB