Deuteronomy 3

So tok me på ei onnor leid, og for uppetter på vegen til Basan, og Og, kongen i Basan, kom imot oss til Edre’i med alt herfolket sitt, og baud ufred. Men Herren sagde til meg: «Du tarv ikkje vera rædd honom. Eg gjev honom i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med honom, som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritarne, som budde i Hesbon.» So gav Herren, vår Gud, Basan-kongen Og i våre hender, både honom og alt folket hans, og me hogg deim ned, so ingen vart att eller slapp undan. Den gongen tok me alle byarne hans - det fanst ikkje ein by utan me tok honom frå deim - seksti byar, som alle høyrde til Argoblandet, riket åt Og i Basan. Alle desse var faste borger med høge murar og tvihurda portar med slå fyre. Umfram deim tok me og alle landsbyarne, og det var uhorveleg mange. Me bannstøytte deim, som me hadde gjort med Sihon, kongen i Hesbon; kvar einaste by bannstøytte me, og drap både menner og kvinnor og born. Men all buskapen og alt herfanget i byarne eigna me til oss. Soleis tok me den gongen landet frå båe amoritarkongane austanfor Jordan, alt ifrå Arnonåi til Hermonfjellet - det er det som sidonitarne kallar Sirjon, og amoritarne Senir - 10 alle byarne på høgsletta og heile Gilead og heile Basan radt til Salka og Edre’i, alle byarne i riket åt Og i Basan. 11 Og, kongen i Basan, var den siste som var att av kjempefolket; kista hans stend, som alle veit, i Rabba, hovudstaden åt Ammons-sønerne; ho er av jarnstein, og er ni alner lang og fire alner breid etter vanleg alnemål. 12 «Dette landet lagde me under oss då. Bygderne nordanfor Aroer, som ligg innmed Arnonåi, og helvti av Gileadfjelli med byarne som der var, let eg rubenitarne og gaditarne få. 13 Og det som var att av Gilead og heile Basan, riket åt Og, heile Argoblandet, gav eg til den halve Manasse-ætti.» Heile dette Basanriket rekna dei til kjempelandi. 14 Ja’ir, son åt Manasse, tok heile Argoblandet radt til bytet mot gesuritarne og ma’akatitarne; desse bygderne, Basanbygderne, gav han namn etter seg sjølv, og sidan hev folk kalla deim Ja’irsbygderne alt til denne dag. 15 Gilead let eg Makir få, 16 og rubenitarne og gaditarne gav eg landet frå Gilead til Arnonåi, til midt i åi, der som landskilet gjeng, og til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-sønerne, 17 og Moarne nedunder Pisgaliderne austanfor Jordanåi - for ho er landskilet der - frå Kinneret til Moavatnet, det som dei kallar Saltsjøen. 18 Den gongen var det eg sagde til dykk: «Dette landet hev Herren, dykkar Gud, gjeve dykk til eigedom. No lyt de fara fram stridsbudde fyre dei andre Israels-sønerne, so mange av dykk som er våpnføre, 19 og berre konorne og borni dykkar og bufeet - for eg veit de hev mykje bufe - skal vera att i byarne som eg hev gjeve dykk; 20 men når Herren hev late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei og hev lagt under seg det landet han gjev deim på hi sida Jordan, då kann de fara heim att til eigedomarne som eg hev gjeve dykk.» 21 Same gongen sagde eg til Josva: «Du såg sjølv kva Herren, dykkar Gud, gjorde med desse tvo kongarne; so vil han gjera med alle dei riki du kjem til der du fer fram. 22 De tarv ikkje ræddast deim; for Herren, dykkar Gud, vil sjølv strida for dykk.» 23 Og same gongen bad eg so vænt til Herren, og sagde: 24 «Herre, min Gud, du hev alt synt meg so mykje av din storleik og di allmagt; for kvar finst det ein gud i himmelen eller på jordi som kann gjera slike storverk og under som du! 25 Å, lat meg få koma yver og sjå det gilde landet på hi sida åt Jordan, desse væne fjelli og Libanon!» 26 Men Herren var harm på meg for dykkar skuld; han vilde ikkje høyra på meg og sagde: «No lyt det vara nok! Tala ikkje um det til meg meir! 27 Stig upp på Pisgahøgdi, og vend augo dine mot vest, og mot nord, og mot sud, og mot aust, og sjå vel ikring deg! For denne Jordanåi kjem du aldri yver. 28 So skal du segja Josva fyre, og styrkja og stålsetja honom; for han skal føra dette folket yver og hjelpa deim til å vinna det landet du fær sjå.» 29 So lagde me oss til i dalen, midt for Bet-Peor.
Copyright information for NorSMB