Deuteronomy 31

Og Moses gjekk fram, og tala til heile Israel, og sagde desse ordi: «No er eg hundrad og tjuge år gamall; eg er ikkje so nøytug som eg hev vore, og Herren hev sagt meg at eg ikkje skal koma yver Jordanåi. Herren, din Gud, vil sjølv ganga fyre deg; han vil rydja ut desse folki for deg, og du skal leggja under deg landet deira; men Josva skal føra deg yver, soleis som Herren hev sagt. Og Herren skal gjera med deim som han gjorde med Sihon og Og, amoritarkongarne, då han rudde deim ut, og lagde landet deira i øyde. Han skal gjeva deim i dykkar magt, og de skal fara med deim i eitt og alt soleis som eg hev sagt dykk. Ver sterke og djerve! Ræddast ikkje, og skjelv ikkje for deim! For Herren, din Gud, gjeng sjølv med deg; han vil ikkje sleppa deg, og ikkje slå handi av deg.» Og Moses kalla Josva åt seg, og sagde til honom, medan heile Israel stod ikring: «Ver sterk og stød! for du skal føra dette folket inn i det landet som Herren hev lova federne deira, og du skal hjelpa deim til å vinna det. Og Herren skal sjølv ganga fyre deg; han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg, og ikkje slå handi av deg. Du skal ikkje ræddast og ikkje fæla!» So skreiv Moses upp denne lovi, og gav henne til prestarne, Levi-sønerne, dei som bar Herrens sambandskista, og til alle styresmennerne i Israel, 10 og sagde til deim: «Kvart sjuande år, i ettergjevingsåret, når de held lauvhyttehelg, 11 og heile Israel møter fram for Herrens åsyn på den staden han hev valt seg ut, då skal du lesa upp denne lovi for Israels-lyden. 12 Heile folket skal de kalla i hop, både menner og kvende og born og dei framande som bur innan portane dykkar, so dei fær høyra lovi og kann læra å ottast Herren, dykkar Gud, og koma i hug å halda alle desse bodi. 13 Og borni deira, som ikkje kjenner bodi, lyt og få høyra deim, so dei kann læra å ottast Herren, dykkar Gud, so lenge de liver i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.» 14 Og Herren sagde til Moses: «No lid det til at du skal fara or verdi; kalla Josva hit, og stig fram åt møtetjeldet, både du og han, so skal eg segja honom fyre kva han skal gjera.» So gjekk Moses og Josva fram åt møtetjeldet, og vart standande der. 15 Då synte Herren seg for deim i ein skystopul, og skystopulen stod i tjelddøri. 16 Og Herren sagde til Moses: «Når du kviler hjå federne dine, då kjem dette folket til å halda seg med avgudarne i det landet dei skal til; dei kjem til å venda seg ifrå meg, og brjota den pakti eg hev gjort med deim. 17 Den dagen skal harmen min loga upp; eg skal venda meg frå deim, og løyna andlitet mitt for deim; dei skal tynast burt, og koma i stor naud og ulukka. Då skal dei segja: «Det er visst av di vår Gud ikkje er hjå oss, at desse ulukkorne kjem yver oss.» 18 Men endå skal eg løyna andlitet mitt, for di dei hev gjort so mykje vondt og vendt seg til andre gudar. 19 Skriv no upp denne songen! Lat Israels-borni læra honom, og legg honom i munnen deira! Han skal vera meg til eit vitnemål imot deim. 20 For no fører eg deim inn i det landet eg lova federne deira, der som mjølki og honningen fløymer; men når dei hev ete seg mette og feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og tena deim, og vanvyrda meg, og brjota sambandet med meg. 21 Når då mange ulukkor møter deim, og dei kjem i stor vande og naud, då skal denne songen ljoda som eit vitnemål for øyro deira; han skal ikkje vera gløymd hjå deim som etter kjem, og ikkje døy på munnen deira. For eg veit kva tankar dei gjeng med alt no, fyrr eg hev ført deim inn i det landet eg lova deim.» 22 Same dagen skreiv Moses upp denne songen, og let Israels-sønerne læra honom. 23 Og Herren sagde til Josva Nunsson: «Ver sterk og stød! For du skal føra Israels-sønerne inn i det landet eg hev lova deim, og eg skal vera med deg.» 24 Då Moses hadde skrive inn i ei bok alle ordi i denne lovi, heilt til endes, 25 so sagde han til levitarne som bar Herrens sambandskista: 26 «Tak denne lovboki og legg henne ned innmed sambandskista åt Herren, dykkar Gud; der skal ho liggja og vera eit vitne imot dykk. 27 For eg veit kor tråssuge og stride de er. Hev de ’kje alt no, medan eg liver og er hjå dykk, vore ulyduge mot Herren! Korleis vil det då verta når eg er burte? 28 Kalla no i hop alle styresmennerne fot ætterne dykkar og alle formennerne, so vil eg kveda desse versi for deim, og taka himmelen og jordi til vitne mot deim. 29 For eg veit vel at når eg er burte, kjem de til å forsynda dykk storleg, og taka utav den vegen eg hev synt dykk; men ulukka skal koma yver dykk fyrr leidi lyktar, når de gjer det som Herren mislikar og argar honom upp med framferdi dykkar.» 30 So kvad Moses dette kvædet frå ende til annan, for heile Israels-lyden:
Copyright information for NorSMB