Deuteronomy 34

So gjekk Moses frå Moabmoarne upp på Nebo, som er den høgste tinden på Pisgafjellet, og ligg midt for Jeriko, og Herren synte honom heile landet: Gilead alt til Dan, og heile Naftali og Efraims- og Manasselandet, og heile Judalandet radt til Vesterhavet, og Sudlandet og Jordan-kverven, dalen kring Jeriko, som dei kallar Palmebyen, alt til Soar; Og Herren sagde til honom: «Dette er det landet eg lova Abraham og Isak og Jakob at eg vilde gjeva ætti deira. No hev du set det for augo dine, men sjølv skal ikkje få koma dit.» So døydde Moses, Herrens tenar, der i Moablandet, som Herren hadde sagt. Han jorda honom i dalen midt for Bet-Peor, i Moablandet, og ingen hev til denne dag visst um gravi hans. Moses var hundrad og tjuge år gamall då han døydde; men endå hadde han ikkje dimst på syni eller veikna i åndi. Israels-sønerne gret yver honom på Moabmoarne i tretti dagar; då fyrst var det ende på syrgjehøgtidi. Moses hadde lagt henderne på Josva, son åt Nun, so han og var full av visdomsånd, og Israels-sønerne lydde honom, og gjorde som Herren hadde sagt med Moses. 10 Men aldri sidan steig det fram i Israel ein profet som Moses, som var so vel kjend med Herren at dei talast ved andlit til andlit. 11 Kom i hug alle dei teikn og under Herren sette honom til å gjera i Egyptarland med Farao og alle mennarne og heile landet hans, 12 og kom i hug alle dei store verk og agelege gjerningar han gjorde for augo åt heile Israel!
Copyright information for NorSMB