Deuteronomy 8

Alle dei bodi eg legg fyre dykk i dag, skal de bera i hugen og liva etter deim; då skal de trivast og aukast og koma til å eiga landet Herren hev lova federne dykkar. Kom i hug den lange leidi Herren, din Gud, let deg fara i øydemarki i desse fyrti åri! Han vilde gjera deg mjuk og røyna deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, um du vilde halda bodi hans eller ikkje. Difor let han deg svelta og lida vondt, og so metta han deg atter med manna, som du ikkje kjende til, og federne dine ikkje heller, so du skulde vita at menneskja liver ikkje berre av brød, men at kvart ord som kjem frå Guds munn, gjev menneskja liv. Klædi dine vart ikkje utslitne, og foten din trutna ikkje i desse fyrti åri. So må du då skyna at Herren, din Gud, vilde tukta og rettleida deg, liksom ein far når han tuktar upp son sin. Haldt då bodi åt Herren, din Gud! Gakk på hans vegar, og hav age for honom! For Herren, din Gud, fører deg inn i eit godt land, eit land med bekkjer og løkjer og kjeldor, som kjem fram i dal og på fjell, eit land med kveite og bygg, med vintre og fiketre og aplar, med oljetre og honning; der tarv du ikkje eta brødet ditt i armod; der skal du ingen ting vanta; der er steinarne av jarn, og or fjelli kann du brjota ut kopar. 10 Når du so nyt godt av alt dette, takka då Herren, din Gud, for det gilde landet han gav deg! 11 Agta deg at du ikkje gløymer Herren, din Gud, og bodi og fyresegnerne og loverne hans, som eg legg fyre deg no! 12 Når du hev nøgdi av mat, og byggjer deg væne hus til å bu i, 13 og buskapen din økslar seg, både stort og smått, og sylv- og gullhaugen veks, og all din eigedom aukar, 14 lat ikkje då ovmod få rom i hjarta ditt, so du gløymer Herren, din Gud, han som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset, 15 han som førde deg gjenom den store, øgjelege øydemarki, millom eiterormar og skorpionar og yver vatslaust turrlende, han som let vatnet strøyma ut åt deg or harde berget, 16 han som i øydemarki fødde deg med manna, som federne dine aldri hadde høyrt gjete; og alt dette gjorde han av di han vilde mykja deg og røyna deg, og so sidan gjera vel imot deg. 17 Seg ikkje med deg sjølv: «Det er mi eigi kraft og mi sterke hand som hev vunne meg denne rikdomen.» 18 Kom i hug at det var Herren, din Gud, som gav deg kraft til å vinna rikdom, av di han vil halda det han lova federne dine, soleis som han til dessa hev gjort. 19 Men gløymer du Herren, og held deg til andre gudar, og tener deim, og bøygjer kne for deim, so er det ute med dykk, det segjer eg dykk for visst. 20 Liksom dei folki Herren no gjer ende på for dykkar skuld, soleis skal de og ganga til grunnar, for di de ikkje lyder Herren, dykkar Gud.
Copyright information for NorSMB